Verjemål

Oppdatert 20.12.2023

Ei verje sikrar interessene til ein person som anten er mindreårig, eller som har fått oppnemnt verje. Ein person som treng hjelp til å sikre sine eigne interesser, kan få verje både på det økonomiske og det personlege området.

Det å få verje vil seie at du får hjelp til gjeremål du ikkje greier sjølv, slik at du kan fungere på lik linje med andre i samfunnet. Eit verjemål skal vere tilpassa behova du har, og det skal ikkje vere meir omfattande enn det som er nødvendig. Vanleg verjemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verje eller ikkje. 

Statsforvaltaren er førsteinstans på verjemålsområdet. Det vil seie at det er Statsforvaltaren du skal kontakte om du, eller nokon som står deg nær, treng verje. 

Klagerett

Du kan klage på eit vedtak om oppretting av verjemål. Dei som har rett til å klage er vedkommande som er sett under verjemål, verja, den som har sett fram kravet om verjemål eller personens ektefelle/sambuar, næraste livsarving og søsken. For andre vedtak enn oppretting av verjemål er det vanlig klagerett etter reglane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Du skal sende klagen til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren kan omgjere vedtaket, eller sende klagen vidare til Sivilrettsforvaltninga, som er tilsynsmynde og klageinstans for vedtak gjort av Statsforvaltaren.

Vil du bli verje?

Det er ulike typar verjer:

  • Du kan bli oppnemnt som verje til barn utan foreldre, eller dersom foreldra av ulike grunnar ikkje kan ha heile eller delar av verjeansvaret
  • Du kan bli oppnemnt som verje for vaksne
    • viss du er forelder til vaksne barn
    • viss du er søsken, besteforelder, onkel, tante eller ein annan person i storfamilien eller i omgangskrinsen. I tillegg kan du også vere verje som nabo, ven eller viss du berre har eit ønske om å bidra ved å stille opp frivillig
    • viss du vel å stille opp som verje som ein del av arbeidet ditt, eller berre fordi du har eit ønske om å vere til nytte (fast verje/profesjonell)
  • Du er verje som forelder til egne barn under 18 år. Verje er den eller dei som har foreldreansvaret.

Kva som må til av kvalifikasjonar og eigenskapar for at du skal kunne bli verje, er avhengig av oppdraget. Statsforvaltaren avgjer kven som skal vere verje, og hovudregelen er at valet vert teke i samråd med personen som skal ha verje. Som regel legg vi vekt på at du handterer utfordringar, har kjennskap til regelverket og offentlege instansar, at du er flink til å formulere deg, har orden i eigen økonomi og likar å gjere noko for andre. Du må også ha god vandel, og verjer må leggje fram politiattest. Statsforvaltaren tilbyr nødvendig opplæring og ser til at du utfører vervet på forsvarleg vis.

Du kan søkje om å bli verje eller representant for einsleg mindreårig asylsøkjar ved å fylle ut og sende inn dette skjemaet. Søknaden blir behandla hos Statsforvalteren der du søkjer oppdrag. 

 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

22.12.2023

Telefonen til verjemålsseksjonen er stengt i romjula

Telefonlinja til verjemålsseksjonen (55572300) er stengt 25., 26. og 27. desember og 1. januar.  

Telefonen er open som normalt igjen frå tysdag 2. januar 2024, med telefontid måndag til onsdag frå klokka 12:00 til 14:00. 


30.11.2023

Telefonen til verjemålsseksjonen er stengt 4., 11. og 12. desember

Grunna internarrangement og flytting til nye kontorlokale, er telefonlinja til verjemålsseksjonen (55572300) stengt måndag 4. desember, måndag 11. desember og tysdag 12. desember. 

Telefonen blir elles betent som normalt måndag til onsdag mellom klokka 12:00 og 14:00.


31.10.2023

Statens hus i Bergen blir stengt

Statens hus i Bergen blir stengt frå og med 6. november 2023.


22.09.2023

Typiske feil ved søknader om stadfesting av at framtidsfullmakter er i kraft

Vi har laga ei liste over typiske feil vi ser når vi behandlar søknader om å stadfesta at framtidsfullmakter er i kraft. 


07.09.2023

Mellombels stengt for telefonar og besøk som gjeld verjemål

Verjemålsseksjonen er ikkje tilgjengeleg for telefon eller frammøte ved Statens hus i perioden 11.-12. september 2023.


04.09.2023

Ønskjer du å hjelpe andre?

Vi treng fleire faste verjer i områda Sunnhordland og Indre Sogn.


11.07.2023

Telefontid til verjemål

På grunn av ferieavvikling er telefon 55572300 til verjemålsseksjonen stengt i veke 29 og 30. 


08.05.2023

Frist for innsending av rekneskap 2022

Fisten for innsending av verjerekneskap 2022 var 30.04.2023


25.04.2023

Forvaltning av midlar

Dersom vi disponerer midlar på vegner av den som er under verjemål, kan verja se kor mykje vi  disponerer ved å logge seg inn i verjemålsportalen. 


25.04.2023

Saks-ID i elektroniske skjema til verjemålsseksjonen

Du kan sende elektronisk søknad eller melding til verjemålsseksjonen via Altinn. I desse elektroniske meldings- og søknadsskjemaene, kan du bli bedt om å oppgje saks-id (referansenummer). Dersom vår saks-id har meir enn seks siffer, får du feilmelding når du skriv det inn i skjemaet. 


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel

Film om kva det betyr å ha verje

Kontaktinformasjon

Sikker melding:

Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).

 

E-post:

For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.

sfvlpost@statsforvalteren.no

 

Postadresse verjemålsseksjonen:

Postboks 7310, 5020 Bergen

 

Telefon:

Direkte til verjemålsseksjonen:

55 57 23 00

 

Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.

 

Kontaktpersonar:

Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar