No treng du ikkje sende skattemelding til Statsforvaltaren

Statsforvaltaren har inngått ein avtale med Skatteetaten om direkte tilgang til skattedata for personar med verje.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.04.2022

Dette betyr at du som verje ikkje lenger treng å sende verjehavar si skattemelding til Statsforvaltaren for å oppfylle rekneskapsplikta. Vi får skattedata for personar med verje direkte frå Skatteetaten.

Skatteetaten har også utarbeida eigen informasjon om tilgang til, og utfylling av, verjehavar si skattemelding. Her finn du og informasjon om korleis du fører frådrag for verjegodtgjering og utgiftsdekning dersom verjehavar dekkar dette sjølv. Informasjonen finn du på verjemålsportalen www.vergemal.no/skattemelding

Meir informasjon om innsending av rekneskap kan i lese i vår artikkel her www.statsforvalteren.no/nn/vestland/verjemal/innlevering-av-verjerekneskap-2021/ 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.