Forvaltning av midlar

Dersom vi disponerer midlar på vegner av den som er under verjemål, kan verja se kor mykje vi  disponerer ved å logge seg inn i verjemålsportalen. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.04.2023

Når skal vi forvalte midlar for verjehavar?

Det er sett ei beløpsgrensa for når vi pliktar å forvalte midlar. Grensa er satt til to gonger folketrygdas grunnbeløp (2G). Grunnbeløpet blir justert kvart år og vi held oss til kva grensa er per 1. januar kvart år. Per 1. januar 2023 er 2G på 222 954 kroner. 

Forvaltning av midlar for vaksne

Verje kan som hovudregel forvalte midlar opp til 2G på vegner av verjehavar. Statsforvaltaren skal forvalte det resterande.

Vi kan berre ta midlar til forvaltning om verjehavar samtykkjer til dette, så sant verjehavar forstår kva samtykket betyr.

Om det ligg føre særlege grunnar, kan vi la vere å ta midlar på over 2G til forvaltning. Vi kan òg vurdere å ta midlar som ikkje er på over 2G til forvaltning. 

Forvaltning av midlar for mindreårige

Dersom mindreårige får eller har midlar over 2G, skal vi som hovudregel forvalte heile beløpet på vegner av den mindreårige.

Om det ligg føre særlege grunnar, kan vi la vere å forvalte midlar over 2G. Vi kan og ta midlar under 2G til forvaltning om det ligg føre særlege grunner til dette.

Oversikt over kva Statsforvaltaren forvaltar

Verja kan få ei oversikt over kor mykje Statsforvaltaren disponerer og på kva konto vi disponerer midlar ved å logge seg inn i verjemålsportalen. Du kan logge deg inn i verjemålsportalen ved å nytte lenka i høgremargen.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om reglane for forvaltning av midlar i lenkene i høgremargen. 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.