Verja si rolle
Verja skal ivareta interessene til den personen ein er verje for. Oppdraget skal utførast etter gjeldande lover, reglar og mandat gitt av Fylkesmannen, for å sikre at interessene til personen med verje blir tatt hand om på best mogleg måte.
Oppdraget skal utførast slik at det er tilpassa hjelpebehovet til personen med verje, og den hjelpa verja gir, skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig.
Eit verjemål kan gjelde både det økonomiske og personlege område. Døme på økonomiske forhold er at verja brukar dei løpande inntektene til å dekke utgiftene til person med verje, t.d. husleige, straum, forsikring, telefon, mat, vedlikehald, klede, og frisør. Personlege forhold kan omfatte alle former for representasjon og ivaretaking av rettar utover økonomiske forhold. T.d. søkje om trygde- og sosialstønader, klage på vedtak frå offentlege forvaltningsorgan, møte med offentlege instansar, og sikre at personen med verje får det han/ho har krav på.
Verja står under tilsyn av Fylkesmannen, og bør rådføre seg med Fylkesmannen når ho/han er i tvil, eller når det er snakk om særlege viktige avgjerder for personen som har verje, jf. verjemålslova § 47.
Verjehandboka kan vere eit nyttig hjelpemiddel for verja, der finn ein informasjon om teieplikt, meldingar om flytting, omdrassering av post, spesielle forhold ved testament med meir. Verja kan også finne meir utfyllande opplysningar om korleis oppdraget skal utførast på vergemålsportalen.
Dokument
Kontaktinformasjon
Sikker melding:
Dette er ein trygg kommunikasjonskanal der du kan sende sensitiv informasjon via Altinn: Sikker melding (verjemål).
E-post:
For generelle førespurnadar kan du bruke e-postadressa vår. Vi anbefalar at du ikkje sender sensitiv informasjon via e-post.
Postadresse verjemålsseksjonen:
Postboks 7310, 5020 Bergen
Telefon:
Direkte til verjemålsseksjonen:
55 57 23 00
Telefontid er måndag til onsdag 12.00–14.00.
Kontaktpersonar:
Anne K. Hjermann, avdelingsdirektør
Pia Davanger Angel, seksjonsleiar