Vil du bli fast verje?
Statsforvaltaren oppnemner verje for personar som av ulike årsaker ikkje kan ta hand om interessene sine sjølv. Dersom det ikkje er nære pårørande som kan eller vil ta på seg verjeoppdraget, oppnemner Statsforvaltaren ein av dei faste verjene vi har avtale med.
Som verje hjelper du til dømes med å ta hand om økonomi og representasjon overfor offentlege myndigheiter, for dei som ikkje kan ta hand om dette sjølv. Vi har bygd opp eit korps av faste verjer, som tek på seg oppdrag over heile fylket. Verjene har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn. Nokon er pensjonistar, medan andre kombinerer verjeoppdrag med ordinært arbeid. Arbeidet som verje vert godtgjort etter faste satsar.
Dersom du har lyst å bli ein del av Statsforvaltaren sitt verjekorps, finn du søknadsskjema på www.vergemal.no. Legg gjerne ved CV med oversikt over utdanning, yrkeserfaring og eventuelle verv.
Vi vil ta kontakt med deg, og kallar inn aktuelle kandidatar til intervju og opplæring.