Representant for einsleg mindreårig asylsøkjarar
Einslege mindreårige asylsøkjarar som kjem til Norge, skal få oppnemnd representant. Representanten skal ta hand om barnet sine interesser i utlendingssaka og delta i samtalar mellom barnet og myndigheitene.
Retten til representant for einslege mindreårige asylsøkjarar er regulert i utlendingslova. Ordninga skal sikre at alle mindreårige har ein myndig person som kan ta hand om interessene deira i asylsaka, og som elles kan utføre verjeoppgåver etter anna lovgjeving.
Dei fleste einslege mindreårige asylsøkjarar melder seg først ved Politiets utlendingsenhet i Oslo, og får tildelt representant som deltek ved registrering av asylsøknaden.
Opphøyr av representantoppdrag
Representanten sine oppgåver
Representanten følgjer opp saka til den mindreårige og gir informasjon om saksgang, asylintervju og aldersundersøkingar.
Vidare skal representanten informere barnet om kva rettigheiter han eller ho har, og sikre at barnet blir høyrt i saka.
Representanten har ikkje ansvar for dagleg omsorg eller forsørging av barnet, dette ligg til mottaket eller omsorgssenteret der barnet bur. Representanten skal likevel sjå til at omsorgssituasjonen er tilfredsstillande, og kan til dømes hjelpe med å ta opp ulike spørsmål med mottaket eller omsorgssenteret. Mottaket eller omsorgssenteret skal sørge for at den mindreårige får skuletilbod og står for den løpande kontakten med heim og skule. Vidare skal mottaket eller omsorgssenteret ordne med nødvendig helsehjelp og transport eller følgje ved behov for dette. Viss den mindreårige manglar skuletilbod, eller barnet ikkje får tilgang til nødvendig helsehjelp, må representanten hjelpe barnet å ta opp dette opp med mottak, kommune eller andre instansar.
Dersom barnet flyttar til nytt mottak eller omsorgssenter, må representanten melde frå til oss. Ved stor geografisk avstand og flytting over fylkesgrensene, vil det som regel bli oppnemnd ny representant i det fylket barnet flyttar til. Representanten må følgje opp saka til barnet fram til det er oppnemnd ny representant, og må også sørge for at nødvendig informasjon blir overført til ny representant.
Bruk av tolk
Det vert dekt kr 3800,- for nødvendige utgifter til tolk i samtalar mellom representanten og den mindreårige. Tolken kan sende faktura direkte til Statsforvaltaren. Fakturaen må merkast med barnet sitt DUF-nummer og referanse som opplyst i oppnemningsvedtaket.
Vi oppmodar til bruk av telefontolk, då dette oftast er rimelegare enn frammøtetolk. Ved behov for bruk av tolk utover det fastsette tolkebudsjettet, må representanten sende ein kortfatta søknad om dette til Statsforvaltaren.
Sjå www.tolkeportalen.no og nettsidene til dei ulike tolkebyråa for nærare informasjon om bestilling og tilgang på tolk for ulike språk.
Opphøyr av representantoppdrag
Oppdraget som representant tek slutt når den mindreårige
- fyller 18 år eller blir vurdert å vere over 18 år i vedtak frå Utlendingsdirektoratet
- har forlate landet og dette ikkje er heilt midlertidig
- sine foreldre kjem til Norge
- er innvilga opphaldsløyve med grunnlag for permanent opphaldsløyve og har fått oppnemnd verje
Representanten må melde frå til oss når nokon av desse opphøyrsgrunnane gjer seg gjeldande, eller om andre grunnar tilseier at oppdraget skal avsluttast.
Statsforvaltaren kan ved behov byte representant, dersom den mindreårige eller representanten ber om det.