Verja si rolle og oppgåver
Ei verje ivaretek interessene til den han eller ho er verje for. Den hjelpa verje gir må vere innanfor mandatet gitt av Statsforvaltaren. Hjelpa som verje gir skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig og må avgrensast mot andre hjelpetiltak.
Utføring av oppdraget i praksis
Kva oppgåver fell utanfor verje sitt mandat?
Mandat
Ved oppretting av verjemål tek vi stilling til kva omfang verjemålet skal ha, utifrå verjehavar sitt behov. Verja blir så tildelt eit mandat tilpassa omfanget av verjemålet.
Verja kan få mandat til å ivareta verjehavaren sine økonomiske interesser, personlege interesser eller begge deler. Mandatet kan også avgrensast sakleg og i tid. Det vil sei at mandatet kan gjelde berre for konkrete oppgåver, eller for ein avgrensa periode.
Økonomiske interesser kan omfatte å ivareta dagleg økonomi, betale rekningar, planlegge og disponere inntekter og utgifter, forvalte fast eigedom, bil eller båt, kjøpe eller leige fast eigedom, selje eller leige ut fast eigedom, handtere gjeld, ha kontakt med kreditorar, søke om eller følgje opp gjeldsordning og å ha kontakt med offentlege instansar, til dømes Nav, Namsmannen osb.
Personlege interesser kan omfatte å søkje om trygde- og sosialstønader, søkje om helsetenester, byte fastlege, søkje om sjukeheimsplass, ha kontakt med offentlege instansar som helse- og omsorgstenesta, Nav eller politiet, sikre at verjehavaren får nødvendige tenester som heimehjelp og støttekontakt, ha dialog med kommune, bustad eller institusjon om tiltak og å delta på ansvarsgruppemøte.
Verjemålet kan ikkje omfatte kompetansen til å stemme ved val, inngå ekteskap, erkjenne farskap, samtykke til organdonasjon, opprette eller kalle tilbake testament, samtykke til tvang eller kompetansen i andre særleg personlege forhold utan særskilt heimel i lov.
Særskilt heimel i lov kan til dømes vere i tilfelle der kommune eller helseføretak skal gjere vedtak om å utøve tvang og makt mot tenestemottakar etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Verja har ikkje rett til å ta avgjerder, men skal ta hand om tenestemottakaren sine interesser i vedtaksprosessen og kan bringe vedtaket inn for styresmakta eller tingretten.
Eit anna døme er ekteskapslova, der det går fram at verje skal samtykke til ekteskapet dersom det er fell innanfor verje sitt oppdrag å samtykke til ekteskap. Statsforvaltaren må i eit slikt tilfelle, i eige vedtak, utvide verje sitt mandat til å omfatte særleg personlege interesser etter ekteskapslova.
Andre særlover som er sjølvstendige heimlar for oppretting av verjemål er
- tvistelova, der ein person som på grunn av sin helsetilstand ikkje er prosessdyktig skal få oppnemnt verje
- lov om forsvunne personar, der det kan oppnemnast verje for å ivareta interessene til personen som er forsvunnen
- steriliseringslova og abortlova, der personar under høvesvis 18 og 16 år eller som har ei så alvorleg sinnsliding eller psykisk utviklingshemming og ønskjer sterilisering eller abort skal få oppnemnt verje
Utføring av oppdraget i praksis
Ei verje skal hjelpe verjehavar i utøvinga av si rettslege handleevne. Det vil seie at ei verje kan hjelpe til med å ivareta dagleg økonomi, planlegge og disponere inntekter og utgifter, betale rekningar og lage avtaler om faste trekk, hjelp til å handtere gjeld, gå i gjeldsforhandlingar, ha kontakt med kreditorar og offentlege instansar, forvalte eigedom, søkje om trygde- og sosialstønader, helsetenester og andre nødvendige tenester, byte fastlege, ha dialog med kommune, institusjon, butilbod eller liknande, delta på ansvarsgruppemøter og anna form for representasjon. Verje kan også hjelpe til med til dømes kjøp og sal av eigedom, gjeldsstifting og utdeling av gåver. Slike disposisjonar krev særleg godkjenning frå Statsforvaltaren.
Kva oppgåver fell utanfor verje sitt mandat?
Praktisk arbeid som å gjere innkjøp, hagestell, husvask, reparasjon på hus eller ting, bære ved, rydde, køyre vekk avfall og liknande, fell utanfor verje sitt mandat. Det er verja sitt ansvar at verjehavar får hjelp til praktisk arbeid, men det er ikkje verja si oppgåve å utføre arbeidet. Det er ikkje noko i vegen for at verja kan hjelpe verjehavar med slike oppgåver, men det ikkje arbeid verja er pålagt gjennom lov, forskrift eller mandat og vil ikkje gi rett til godtgjering. Det er opp til verja om han eller ho vil gjere frivillig arbeid.
Det er heller ikkje innanfor verja sitt mandat å køyre personen med verje til lege, tannlege, sjukehus, butikken og liknande. Verje skal sørge for at personen med verje har nødvendig transport, men er ikkje sjølv ansvarleg for å transportere verjehavar. Dette vert i så fall rekna som frivilleg arbeid.
Vidare kan ei oppgåver for verja vere å søkje om støttekontakt, besøksvenn eller andre sosiale ordningar for verjehavar, men det ligg ikkje til eit verjemandat å vere selskap for personen med verje.
Verja sine plikter
Verja skal så vidt det er mogleg høyre og innhente samtykke for den han eller ho er verje for, og kan ikkje gjere disposisjonar eller ta avgjerder i strid med verjehavar sin vilje. Enkelte disposisjonar krev i tillegg samtykke frå Statsforvaltaren. Dette gjeld mellom anna kjøp, sal og pantsetjing av fast eigedom, stifting av gjeld, utdeling av arveforskot og gåver av større verdi, bruk av kapital og utlån av verjehavar sine midlar.
Verja har teieplikt om informasjon som gjeld verjeoppdraget. Verja kan likevel opplyse om at verjehavar har verje, omfanget av verjemålet og kven som er verje, når dette er nødvendig av omsyn til personen sjølv, eller for å sikre at verja kan utføre oppdraget på ein god måte. Teieplikta gjeld også etter at verjeoppdraget er avslutta.
Opplysningar om at ein person har fått oppnemnd verje, kan gjerast kjende for andre når dette er naudsynt av omsyn til personen sjølv, eller for å sikre at verja kan utføre oppdraget sitt på ein god måte. Det same gjeld opplysningar om at vedkomande er oppnemnd som verje, og opplysningar om rammene for verjeoppdraget.
Verje står under tilsyn av Statsforvaltaren og pliktar å gje dei opplysningar om verjemålet som Statsforvaltaren ber om. Dette inneber mellom anna innsending av årleg verjerekneskap, verjeerklæring og økonomisk status ved starten av eit oppdrag, avsluttande rekneskap etter at oppdraget er avslutta eller innsending av dokumentasjon Statsforvaltaren spør etter.
Tilsyn med verjer
Tilsyn er ein viktig del av våre oppgåver som verjemålsmynde. Dette er med på å sikre at verjehavar sine interesser blir ivaretekne i tråd med dei avtalar og reglar som gjeld.
Ein viktig del av tilsynet er gjennomgang av rekneskap, både årleg og etter avslutta verjemål. Vi ser mellom anna til at verjehavar sine midlar er brukt til å dekke verjehavar sine utgifter og ikkje andre sine, at verje ikkje har gjort disposisjonar som ikkje er godkjent av oss eller som kan vere uheldige for den som har verje, at eigedomar, innbu og anna er tilstrekkeleg forsikra og at verjehavar som dekkar godtgjering til verje sjølv har fått frådrag for dette på skatten.
Institusjonar, verjehavar sin familie eller andre kan sende Statsforvaltaren uromelding dersom dei er uroa over måten verje ivaretek verjehavar sine interesser, både personlege eller økonomiske. Ved slike uromeldingar kan Statsforvaltaren opne tilsyn med verje, såkalla hendingsbaserte tilsyn. Vi orienterer verja om meldinga og han eller ho får høve til å svare på påstandane.
Statsforvaltaren kan også få i oppdrag frå sentral verjemålsmynde, Statens Sivilrettsforvaltning, om tilsyn med eit gitt utval verjer, tema og problemstillingar. Dette kan til dømes vere tilsyn med verjer med eit visst tal oppdrag, eller tilsyn med verjene sine rutinar for å høyre den som har verjemål før ulike disposisjonar.