Webinar om Housing First med tema korleis ta i vare sikkerheit i jobben

Dato:
28. april 2022 13:00 - 14:30
Sted:
Digital (Teams)
Arrangør:
NAPHA, Husbanken, Bergen kommune, statsforvaltarane i Vestland, Rogaland og Nordland
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommunane, deltakarar, pårørande og andre som er interessert i å lære meir om Housing First
Tema for webinaret 28. april er vår eigen sikkerheit i jobben.
Tema for webinaret 28. april er vår eigen sikkerheit i jobben. Foto: Husbanken.

Metoden Housing First er tema for ein serie frittståande og gratis webinar. Neste i rekka blir arrangert torsdag 28. april. Tema for webinaret er vår eigen sikkerheit i jobben. Webinaret er ope for alle.

Publisert 07.04.2022

Housing First i Bergen vil dela sine erfaringar om risikovurdering og tryggleiksplan og HMS generelt. Den nederlandske sosialarbeidaren og inspiratoren Rokus Loopik er med denne gongen òg.

Det blir sett av tid til spørsmål og refleksjon.

Webinaret kan vere like relevant for arbeid med vanskelegstilte generelt.

Alle er velkomne til å delta, webinara er frittståande og krev ingen forkunnskap.

Påmeldingsskjema og program finn du på nettsidene til Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA).

Lenke til webinaret blir sendt ut til påmeldte i forkant.

Påmeldingsfrist: 27.april 2022.

Dato:
28. april 2022 13:00 - 14:30
Sted:
Digital (Teams)
Arrangør:
NAPHA, Husbanken, Bergen kommune, statsforvaltarane i Vestland, Rogaland og Nordland
Målgruppe:
Leiarar og fagpersonar i kommunane, deltakarar, pårørande og andre som er interessert i å lære meir om Housing First