Forslag til verneplan og forvaltningsplan sendt til Miljødirektoratet for fagleg godkjenning
Forslag til verneplan og forvaltningsplan for Lofotodden nasjonalpark er no sendt til Miljødirektoratet for fagleg godkjenning.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Etter godkjenning vil verneplanen og skisse til forvaltningsplan sendast på offentleg høyring. Dette blir forhåpentlegvis etter sommaren.
Forslaget til verneplan inneheld bakgrunnen for et eventuelt vern, ei skildring av verneverdiane og brukarinteressene i området, avgrensing av utredningsområdet, forslag til verneforskrift (regelverk for verneområdet) og konsekvensar for diverse brukarinteresser.
Etter naturmangfoldlova skal skisse til forvaltningsplan også leggast ved når ein verneplan skal på høyring. Dette fordi ein forvaltningsplan skal tolke og fordjupe regelverket. Grunneigarar og andre brukarinteresser vil i forvaltningsplanen sjå tydelegare i kva grad vernet vil få betydning for dei. I forvaltningsplanen er regelverket gått gjennom tematisk etter brukarinteresser. I forvaltningsplanen står det også ein del om tiltak/skjøtsel i eit eventuelt verneområde, samt oppsyn og sakshandsamingsrutiner.
Både forslaget til verneplan og skissa til forvaltningsplan som er sendt til Miljødirektoratet kan lastast ned frå høgremargen.