Verneplan for skog på statsgrunn - Ope kontor og opne befaringar
Fylkesmannen har ope kontor og opne befaringar i Grane, Hattfjelldal, Hemnes og Vefsn kommunar i veke 35. Her har du gode mulegheiter til å kome med innspel til verneplanprosessen.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
2. juni meldte Fylkesmannen oppstart av planarbeid for vern av skog på statsgrunn i Grane, Hattfjelldal, Hemnes og Vefsn kommunar.
I samband med denne prosessen skal Fylkesmannen ha ope kontor lokalt i kvar kommune på følgjande stad og tidspunkt - merk at stad for ope kontor er endra i Hemnes kommune og Hattfjelldal kommunar:
- Ope kontor på møterom i 2. etasje på Huset cafe & motell i Korgen i Hemnes kommune: Mandag 24/8 kl 9-14
- Ope kontor på Fylkesmannens kontor i Mosjøen (Sjøgata16/18) i Vefsn kommune: Tirsdag 25/8 kl 9-14
- Ope kontor på rådhuset i Trofors i Grane kommune: Onsdag 26/8 kl 9-14
- Ope kontor på Fjellfolkets hus i Hattfjelldal kommune: Torsdag 27/8 kl 9-14
De er hjartleg velkomne til å kome innom og ta ein prat med oss.
Vi arrangerer også opne befaringar i eit av dei områda som er forslått for vern i kvar kommune. Følgjande områder og dagar er valgt ut:
Hemnes kommune: Befaring i Simaklubben (utvidelse) mandag 24. august kl 17. Oppmøte på parkeringsplass ved Stabbforsfloget, ved fylkesveg 806.
Vefsn kommune: Befaring i Olaåsen tirsdag 25. august kl 17. Oppmøte ved Stormoen i Eiterådalen.
Grane kommune: Befaring i Holmvassdalen onsdag 26. august kl 17. Oppmøte på parkeringsplass ved Storsvenningsvatnet ved Svenningsdammen.
Hattfjelldal kommune: Befaring på Mikkeljordmoen torsdag 27. august kl 17. Oppmøte i enden av veg oppover Pantdalen.
Vi gjer merksam på at vi har gjort nokre små endringar når det gjeld parkering i samband med dei opne befaringane i Simaklubben, Olaåsen og Mikkeljordmoen.
For å kunne sikre at vi følgjer retningslinjer frå Helsedirektoratet når det gjeld smittevern, ber vi om at dei som skal vere med på befaring melder seg på innan 20. august via denne sida.