No er det din tur
Treng du tips til kva du skal finne på i ferien? Sjekk ut kva friluftslivet i Noreg har å by på. Teltet er det rimelegaste hotellrommet, veit du!
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 28.07.2015
Bruk av friluftslivet gir gode opplevingar, auka livskvalitet, betre helse og eit rikare liv. Friluftslivets år 2015 er ei nasjonal markering av norsk friluftsliv.
Friluftslivet år 2015 har eiga nettside og drøssevis med tips til aktivitetar og turar. Du kan også bruke nettsida til å informere om lokale turar og aktivitetar. Friluftslivets år er også til stades på ei rekkje sosiale medium.
God tur!