Fylkesmannen.no - oppgradert nettstad
Fylkesmennenes nettstad har i dag fått ei teknisk og visuell oppgradering. Vi håpar dei nye sidene er oversiktlege og meir brukarvenlege.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 01.10.2015
Den største forbetringa er at sidene baserer seg på responsivt design, og dermed tilpassar seg nettlesaren uavhengig av om brukaren nyttar stasjonær pc, nettbrett eller mobiltelefon. Vi har også fått på plass ein forbetra søkjefunksjon, og i sum vil dette bidra til ei meir optimalisert brukaroppleving. Vi håpar dei nye sidene blir godt mottekne.