Frå turnus til LIS1
Frå september 2018 vil første kull med legar i spesialisering del 1 (LIS1) starte i kommunane. Det nye utdanningsløpet erstattar ordninga med turnuslegar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
I 2017 starta avviklinga av den tradisjonelle norske turnustenesta for legar, og samstundes begynte overgangen til ei heilt ny spesialistutdanning. Den nye spesialistutdanninga er tredelt. Lege i spesialisering del 1 (LIS1) er den første delen av spesialiseringsløpet, og er felles for alle legar. LIS1 erstattar i praksis turnustenesta for legar. LIS1 blir etterfølgt av LIS2 og LIS3. Sistnemnde er spesialiseringa til dei ulike legespesialistane.
LIS1 omfattar, til liks med turnusteneste, tolv månader i sjukehus og seks månader i kommunehelsetenesta, men legane i spesialisering skal no vurderast etter nasjonale læringsmål, og ikkje etter kva dei har gjort og kvar dei har utført tenesta. Det første kullet med LIS1-legar er ferdige med sjukehustenesta til hausten, og er klare for teneste i kommunehelsetenesta frå september.
Legar som var tilsette eller hadde fått tilbod om turnusstilling før 1. mars 2017 er dei siste som gjennomfører turnusteneste etter gammal ordning. Dei har høve til å gjennomføre og få godkjent turnus etter den gamle ordninga fram til 1. mars 2019.
Fylkesmannens oppgåver
Fylkesmannen tilbyr grupperettleiing og kurs til legar i spesialisering.
Vi tilbyr:
- Kurs i offentleg helsearbeid
- Kurs i akuttmedisin
- Grupperettleiing
- Opplæring til rettleiarar som skal ha ansvar for LIS1-legar i kommunehelsetenesta
Fylkesmannen refunderer reiseutgifter du har hatt i samband med kurs og rettleiing.
Ledige LIS1-stillingar blir lyste ut vår og haust via Helsedirektoratet sin stillingsportal (lenkje).