Kommunane pliktar å tilby gratis brukarutstyr
Ei undersøking i 2017 viste at éin av fire sprøytenarkomane bur i kommunar som ikkje har ordningar for å førebyggje blodsmitte. No minner Fylkesmannen om at det er god smitteførebyggande effekt i å dele ut sterile sprøyter, kanylar og røykefolie til stoffmisbrukarane.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Ei rekkje smittsame sjukdommar kan overførast mellom menneske med blod og blodprodukt. Dei mest kjende sjukdomane er hiv, hepatitt B og C. Lov om vern mot smittsame sjukdommar fortel mellom anna om den plikt kommunane har til å førebyggje. Helsedirektoratet meiner at det følgjer av lova at alle landets kommunar skal ha ordningar som gjer brukarutstyr for injeksjon gratis og enkelt tilgjengeleg for alle injiserande stoffmisbrukarar som bur eller som for tida oppheld seg i kommunen.
I tillegg til sterile sprøyter, kanylar og røykefolie tilrår direktoratet at det også blir delt ut kokekar, filter, våtserviettar med desinfeksjonssprit, sterilt vatn og askorbinsyre, mellom anna for å førebyggje bakterielle infeksjonar ved injeksjon. Kommunane skal dessutan tilby informasjon om smitteførebyggande tiltak, høve til vaksinering, diagnostikk og behandling.
Organisering av utdeling
Kommunane vel sjølv korleis dei vil dele ut brukarutstyret. I mange byar er det lågterskel helsetiltak som sprøytebuss, feltpleie og varmestover. Mindre kommunar organiserer utdeling gjennom utekontakt, apotek, legekontor osv. Nokre kommunar har avtale med frivillige organisasjonar som delar ut brukarutstyret. Interkommunale ordningar er også mogleg så sant tilbodet er praktisk tilgjengeleg for brukarane.