49 skogområde verna
Regjeringa satsar på auka skogvern, og 49 nye skogområde vart verna 15. desember. Aldri før har det vorte verna meir skog enn i 2017.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Dei 49 skogområda som vart verna no, ligg i ti fylke.
Skogvernet bidreg til å ta vare på mange truga artar og naturtypar. Målet er at:
- Eit representativt utval av norsk natur skal bli verna for kommande generasjonar.
- Ingen artar og naturtypar skal bli utrydda, og utviklinga til truga og nær truga artar og naturtypar skal bli betre.
Dei 49 områda inngår i arbeidet med frivillig vern av privateigd skog, unntatt tre område som er eigde av Statsskog og Miljødirektoratet.
Oppgåvene til Fylkesmannen
Når eit nytt verneområde skal opprettast, får Fylkesmannen i oppdrag frå Klima- og miljødepartementet å arbeide fram eit verneframlegg for området. Kommune, grunneigar og elles andre interessentar får melding om at verneplanarbeidet er sett i gang. Prosessen blir lagt opp slik at alle partar skal høyrast.