Utdanningsdirektoratet tek over tilskot til leirskuleopplæring
Kommunane vil i løpet av våren få ein førespurnad frå Utdanningsdirektoratet om leirskuledeltakinga er gjennomført slik det er registrert i GSI.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 22.01.2018
Frå og med vårhalvåret 2018 er forvaltninga av tilskotet overført frå Fylkesmannen til Utdanningsdirektoratet. Tilskotet vil bli utrekna på bakgrunn av opplysningane kommunane har registrert i GSI og eventuelle korrigeringsmeldingar frå kommunane.