Forslag til utredningsprogram for endra anleggskonsept biogassanlegg Grødaland

Høyringsfrist:
4. september 2017 23:59

IVAR IKS ynskjer å gjere endringar i anleggskonseptet ved biogassanlegget på Grødaland i Hå kommune. Utkastet til utgreiingsprogram er lagt ut for offentleg ettersyn til 4. september.

Publisert 05.07.2017

Opphavleg var det planlagt å fyre med biorest og returtreflis i energiproduksjonsanlegget. IVAR IKS har no endra planar, og ynskjer berre å fyre med returtreflis, og heller laga eit produkt av bioresten. IVAR IKS ynskjer vidare å auke storleiken på energiproduksjonsanlegget.

IVAR IKS skal på bakgrunn av dette oppdatere konsekvensutgreiinga frå 2012. Dette arbeidet startar med at forslag til utgreiingsprogram vert sendt på høyring. Tema som IVAR IKS har foreslått å ta opp i konsekvensutgreiinga er mellom anne støy, trafikk, utslepp til luft og lukt. Det vert opna for å komme med innspel til andre tema enn det som IVAR IKS foreslått.

Sjå utkast til utgreiingsprogram i høgremargen.

Merknader skal sendast til Fylkesmannen i Rogaland, postboks 59, 4001 Stavanger, eller til fmropost@fylkesmannen.no innan 4. september 2017.

Høyringsfrist:
4. september 2017 23:59