Utlysing av midlar til symjeopplæring for barn i barnehage 2024

Statsforvalteren i Rogaland lyser med dette ut midlar til symjeopplæring for barn i barnehagar. Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar som ønskjer å drive symjeopplæring i barnehage, kan no søkje Statsforvalteren om tilskott for 2024. Statsforvalteren i Rogaland har fått tildelt kr 7 672 000 som skal nyttast til formålet. Dette betyr at 3 836 barn i Rogaland kan få symjeopplæring i 2024.

 

Publisert 05.01.2024

Tilskottssatsen er fastsett av Utdanningsdirektoratet, og i 2024 kan ein søkje om inntil 2000 kroner per barn. Storleiken på tilskottet settes av Statsforvalteren. Delar av tilskottet det er søkt om, kan også nyttast til transport, symjeutstyr som våtdrakt, symjebrett og anna.

Mål for opplæringa

Målet er å gi barn betre symjeferdigheiter. Tilskottet skal bidra til at kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar kan gjennomføre tiltak for å gi barn i barnehage tilstrekkeleg symjeopplæring slik at barna blir trygge i vatn.

Målgruppe

Barn i kommunale og ikkje-kommunale barnehagar i alderen 4-6 år busette i Rogaland.

Vilkår for tilskot

  • Søknader som beskriv samarbeid mellom kommunar og frivillige organisasjonar skal prioriterast. Kommunar kan også samarbeide om symjeopplæringa.
  • Tilskottsmottakarane vel sjølv korleis dei skal organisere og gjennomføre opplæringa innanfor rammene for tilskotet, men symjeopplæringa skal skje i barnehagen si opningstid og hovudsak i basseng, og det er viktig at gutar og jenter får eit likeverdig tilbod. Det er og mogleg å ha symjeopplæring i vatn/sjø.
  • Heile tilskotet skal nyttast til aktivitetar relaterte til symjeopplæring av barna. Tilskotet kan nyttast til å dekke transport til/frå symjeopplæringa. Kommunar, barnehagar og frivillige organisasjonar må sjølv dekkje kostnader utover tilskotet.
  • Ein kan ikkje nytta tildelte midlar til andre barn enn dei det er søkt for utan at dette er avtalt med Statsforvalteren.
  • Både frivillige organisasjonar og barnehagar må sikre at barnehagar ikkje har avtale med fleire enn ein symjeklubb når det gjeld søknad om midlar.
  • Ein kan søkje om tilskot for eit kalenderår om gongen.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 1. mars 2024.

Søknad sendast via det nasjonale digitale søknadsskjemaet.

Vi ber Rogaland svømmekrets om å informere symjeklubbane om utlysinga. Vi ber kommunane om å informere kommunale og private barnehagar om utlysinga.

Behandling av søknader

Dei som har fått midlar overført frå 2023 til 2024 mål levere rapport før Statsforvalteren kan behandle ny søknad og tildele nye midlar.

Midlane blir utbetalte kort tid etter at vedtak om tilskot er fatta. Vi oppmodar alle til å søkje snarleg og i god tid før søknadsfristen. Merk at søknader som er for seint innkomne vil ikkje bli behandla.

Rapportering

Tilskottsmottakarane skal innan 1. desember 2024 rapportere til Statsforvalteren om bruk av midlane i det nasjonale digitale rapporteringsskjemaet. Tilskottsmottakarar må orientere seg om kva som skal rapporterast.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.