Utlysing av tilretteleggingsmidlar for studentar ved ABLU/deltid barnehagelærarutdanning og steinerpedagogikk deltid - 2023/2024
Samarbeidsforum i Rogaland har gitt Statsforvaltaren i Rogaland fullmakt til å fordele tilretteleggingsmidlar for studieåret 2023/2024. Dette er ein del av regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det økonomiske tilskotet skal gjere det mogleg for eigarar (kommunar og private) å leggje forholda til rette for å få fleire pedagogar i sine barnehagar.
Samarbeidsforum har satt av kr 6 000 000 til formålet.
Prioriterte studium i denne ordninga
- Studentar på 4. året, ABLU/deltid barnehagelærarutdanning/bachelorgrad i steinerpedagogikk
- Studentar på 3. året, ABLU/deltid barnehagelærarutdanning/bachelorgrad i steinerpedagogikk
- Studentar på 2. året, ABLU/deltid barnehagelærarutdanning/bachelorgrad i steinerpedagogikk
- Studentar på 1. året, ABLU/deltid barnehagelærarutdanning/bachelorgrad i steinerpedagogikk
Dersom dei avsette tilretteleggingsmidlane ikkje er tilstrekkelege, skal barnehagar og område som har utfordringar med å rekruttere kvalifisert personale bli prioriterte. Det blir gjort ei vurdering av kompetansebehovet i kommunane med bakgrunn i tal frå BASIL.
Tilsette i barnehagar som har fått midlar i 2022/23 skal bli prioriterte i heile utdanningsløpet. Barnehageeigar må søkje om midlar kvart år på vegne av eigne tilsette, sjølv om dei tilsette er prioriterte.
Ordninga omfattar ikkje studentar med annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå. Søknad om tilretteleggingsmidlar for vidareutdanning i barnehagepedagogikk kan bli gjort via Udir sin portal.
Kriteria for å kunne søke om midlar
- Den tilsette skal ha studieplass, eller søkt om studieplass, ved dei prioriterte studia
- Den tilsette skal ha minimum 50% fast arbeidsforhold i barnehage i Rogaland
- Dersom den tilsette er tilsett i fleire barnehagar, må det bli avklart lokalt korleis midla skal bli fordelte mellom barnehagane
- De kan søke om inntil kr 50 000 per student og for maks 2 tilsette per barnehage
Korleis midlane skal nyttast
Det er barnehageeigar som har ansvaret for bruken av tilretteleggingsmidla. Midlane er knytt til den tilsette og skal vere eit supplement for å legga til rette for den tilsette si deltaking på studiet.
Det skal lagast ein avtale mellom barnehagen og studenten i starten av semesteret om korleis midlane skal bli brukt. Avtalen skal sendast til barnehagemynde når han er signert av begge partar.
Som hovudregel skal midlane ikkje bli betalt ut som stipend, fordi ein då vil bli skattepliktig og utløyse arbeidsgjevaravgift.
Barnehageeigar søker om midlar. Frist for å søke var 31. august 2023.
Midlane blir betalt ut til barnehagemynde i dei respektive kommunane som fordeler midla vidare. Utbetalinga på kr 50 000 gjeld for heile studieåret 2023/24. Midlane blir utbetalte i løpet av september/oktober 2023.