Melderutinar for å sikre skole – og opplæringstilbod for barn og unge som blir plassert med heimel i barnevernlova

Barn og unge som bur i barneverninstitusjon, fosterheim eller omsorgssenter for mindreårige, har rett til eit like godt skole- og opplæringstilbod som barn og unge som bur heime.

Barnevern- og skolemynde har eit felles ansvar for å sørgje for at barn og unge får det skole- og opplæringstilbodet dei har rett og plikt til. Derfor må rett skolemynde varslast når eit barn blir plassert utanfor heimen etter barnevernlova. Kommunal barnevernteneste må melde flytting med ein gong det er bestemt kor barnet skal plasserast.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.03.2019

Barne- ungdoms- og familiedirektoratet har i samarbeid med Utdanningsdirektoratet utarbeida melderutinar for å sikre at barn i barnevernet får eit godt og tilpassa skoletilbod så raskt som mogleg.

Melderutinane klargjer

  • kva som er rett skolemynde
  • kven som skal sende meldinga
  • kva informasjon meldinga skal innehalde
  • kva tid meldinga skal sendast
  • kven meldinga skal sendast til

Du finn melderutinane her: https://www.bufdir.no/bibliotek/Dokumentside/?docId=BUF00002936

 

Her finn du skjema for skolebytte, Rogaland:

http://www.rogfk.no/content/download/39378/1046348/version/1/file/FLYTTEMELDING.doc

 

Her finn du aktuell informasjon frå Rogaland fylkeskommune:

Handbok for barnevern og skole

Oppfølgjingstenesta

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Inntak til vidaregåande skole/barnevern

 

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.