Valfag i grunnskolen
Alle elevar på ungdomstrinna skal ha valfag. Utdanningsdirektoratet har utarbeidd læreplanar i 16 ulike valfag innan ulike fagområde. Kvar skole må kvart skoleår ha tilbod om minst to av desse.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Valfag
- Demokrati i praksis
- Design og redesign
- Idèar og praktisk forskning
- Fysisk aktivitet og helse
- Innsats for andre
- Internasjonalt arbeid
- Kulturarv
- Medium og kommunikasjon
- Friluftsliv
- Praktisk handverksfag
- Utvikling av produkt og tenester
- Programmering
- Reiseliv
- Produksjon for scene
- Teknologi og design
- Trafikk
Gjennomføring av valfag
Skoleigar avgjer kva for valfag skolen skal tilby kvart år. Skolen kan ikkje velje å samle alle timane til valfag på eitt eller to trinn. Det er anledning til å nytte timane til valfag til opplæring i fag på vidaregåande nivå. Elevane har ikkje krav på få å halde fram med det same faget alle åra på ungdomssteget. Fordelinga av elevar på dei ulike valfaga er ikkje eit enkeltvedtak, og elevane har ikkje rett til å klage på valfaget han eller ho blir tildelt.
Vurdering i valfag
Vurdering av elevane skal skje på same måte som for andre fag, etter reglane i kapittel 3 i forskrift til opplæringslov, og dei skal ha ein standpunktkarakter i valfaget når dette blir avslutta. Eleven kan få ein, to eller tre standpunktkarakterar alt etter om eleven vel eit nytt fag kvart år, eller held fram med det same faget. I dei høva kor eleven har fleire standpunktkarakterar skal det reknast eit gjennomsnitt av desse ved inntak til vidaregåande opplæring.
Meir informasjon
Meir informasjon om valfaga, læreplanar, rettleiing til læreplanane og støttemateriell, finn dykk på nettstaden til Utdanningsdirektoretet.