Det spesialpedagogiske tilbodet til barn og unge er for dårleg

Mange barn og unge får hjelp altfor seint, og annankvar elev med spesialundervisning får det av ufaglærte. Dette viser ein ny rapport om spesialundervisning som ei ekspertgruppe, leia av Thomas Nordahl, har lagt fram. Ekspertgruppa sine forslag til tiltak skal på høyring. Høyringsfristen er 15. august 2018

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.04.2018

Ekspertgruppa slår fast 

  • Mange barn og unge møter tilsette i barnehage og skole utan pedagogisk kompetanse.
  • Annankvart barn som får spesialundervisning får det av ufaglærte. Dette gjeld også for mange av barna som får spesialpedagogisk hjelp i barnehage.
  • Det tek for lang tid før barn og unge får den hjelpa dei treng. Elevane får ofte tilbod først i ungdomsskolen, medan det burde skjedd i barnehagen eller på barneskolen.
  • Systemet virkar ekskluderande. Ein av tre elevar som får spesialundervisning blir tatt ut av klasserommet.
  • Skolen har ofte låge forventningar til elevane si læring, og elevane lærer mindre enn dei kunne gjort med eit godt opplegg.

Ekspertgruppa foreslår 

  • Barnehagar og skolar skal ha ei plikt til å sikre eit inkluderande pedagogisk tilbod.
  • Alle skal møte pedagogar.
  • Gi alle som treng det intensiv opplæring i lesing, skriving og regning  i 1. til 4. klasse. 
  • Det blir etablert eit eige pedagogisk støttesystem i alle barnehagar og skolar. 
  • Det blir etablert ei tverrfagleg pedagogisk rettleiingsteneste i alle kommunar og fylkeskommunar. Den skal erstatte og inkludere noverande PP-teneste og delar av Statped.

Høyring

Forslaga vil bli sendt ut på på høyring og det blir arrangert høyringskonferansar.

Les meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar