Kva gjer PP-tenesta?

PP-tenesta skal hjelpe barn, elevar, lærekandidatar, lærlingar, praksisbrevkandidatar og vaksne med behov for særskild tilrettelegging i sitt læringsarbeid.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.06.2017

Målet er at alle får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PP-tenesta skal også hjelpe barnehagar og skolar med å leggje til rette for barn og elevar med særskilde behov.

Oppgåver

PP-tenesta har både system- og individretta arbeidsoppgåver. Både dei system- og individretta oppgåvene skal ivaretakast før tenesta utfører andre oppgåver som til dømes å bistå i skolemiljøsaker.

Særskilde behov

Døme på særskilde behov kan vere:

  • språk- og talevanskar
  • konsentrasjonsvanskar
  • sosiale- og emosjonelle vanskar
  • atferdsvanskar
  • syn- og hørselsvanskar
  • generelle lærevanskar eller fagvanskar
  • lese- og skrivevanskar
  • matematikkvanskar
  • nonverbale lærevanskar

Barnehagelova og opplæringslova definerer ikkje kva særskilde behov som kvalifiserar til spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning. Det er ikkje avgjerande med diagnose og det må vurderast i kvart tilfelle kva som er behovet.

Meir informasjon

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.