Privat heimeopplæring

Skuleåret 2022/2023 er det 13 barn i Rogaland som får privat heimeopplæring. Denne opplæringa inneber at foreldra underviser barna sine heime. Kommunane har plikt til å føre tilsyn med at heimeopplæringa er tilsvarande som opplæring gitt i den offentlege skulen. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.01.2023

Privat heimeopplæring og opplæringslova

Etter opplæringslova § 2-1 har alle barn og unge rett og plikt til grunnskuleopplæring. Privat heimeopplæring er ein av fleire måtar å innfri opplæringsplikta på.

Privat heimeopplæring er regulert i opplæringslova § 2-13. Kommunane har plikt til å føre tilsyn med at opplæringa er tilsvarande som opplæring gitt i den offentlege skulen. 

Privat heimeopplæring 

Dersom foreldra vel å undervise barnet sjølve, har barnet rett til opplæring frå det kalenderåret barnet fyller seks år til fullført tiande klasse. 

Foreldre treng ikkje søke kommunen om godkjenning for å drive privat heimeopplæring etter § 2-13. Foreldre må gje kommunen beskjed om at dei vel å drive privat heimeopplæring for sitt barn.  

Krav til heimeopplæringa 

Barn og unge som får opplæring heime har rett til å tileigne seg tilsvarande kunnskap som i den offentlege skulen. Privat heimeopplæring er omfatta av same reglar, når det gjeld føremål og innhald, som opplæringa i den offentlege grunnskulen. Det betyr at læreplanverket skal bli følgt. Foreldra treng ikkje ha lærarkompetanse, men dei må ha nødvendige føresetnader for å drive opplæring. Det er opp til kommunane å avgjere gjennom tilsyn, om foreldra er tilstrekkeleg kvalifiserte. 

Tilsyn 

Etter opplæringslova § 14-3 har kommunen heimel til å føre tilsyn med privat heimeopplæring. Føresegna inneber at kommunen både har ein rett og ei plikt til å føre slikt tilsyn. Det er ikkje reglar for korleis tilsyna skal gjennomførast. Det er opp til kvar enkelt kommune å utarbeide rutinar for gjennomføring av slike tilsyn. Kommunen må gjennomføre tilsynet på ein slik måte at ein ser til at barnet får opplæring tilsvarande den offentlege grunnskuleopplæringa.

Kommunen må vidare sikre at avgjerder som blir tatt for barnet, sikrar barnet sitt beste og at barnet er høyrt, jf. Barnekonvensjonen artikkel 3 og 12. 

Om det er tvil om heimeopplæringa er tilfredsstillande, kan kommunen kalle barnet inn til særskilde prøvar. Kjem kommunen fram til at opplæringa i heimen ikkje er tilsvarande den grunnskuleopplæringa som blir gitt i offentlege skular, skal kommunen krevje at eleven skal gå i den offentlege skulen eller godkjent privatskule. 

Samarbeid mellom foreldra og kommunen 

Tilsynet skal skje i samarbeid med foreldra. Foreldra har plikt til å samarbeide med kommunen på ein slik måte at det blir mogleg å gjennomføre tilsyn. Om dette ikkje er tilfelle, kan kommunen krevje at barnet skal gå i den offentlege skulen eller på ein privat grunnskule. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.