Kronprinsen besøker vekstbedrifter i Rogaland
PRESSEINFO: H.K.H. Kronprins Haakon besøker bedrifta AutoStore i Nedre Vats og møter rogalandsbedrifter i Haugesund onsdag 3. november. I tillegg skal Kronprinsen møta 100 jenter på Girl Tech Fest i Haugesund.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
– Me gleder oss til å visa Kronprinsen nokre av dei spennande bedriftene i Rogaland, seier administrerande direktør i Innovasjon Norge, Håkon Haugli. – Dette er verksemder som bidrar til eksportinntekter gjennom internasjonal vekst, og som utnyttar teknologi som er utvikla for olje og gass til å skape nye produkt.
Programmet startar hos AutoStore i Nedre Vats. Bedrifta lagar robotiserte lagerløysingar og har kundar i 30 land over heile verda.
Frå Vindafjord til Haugesund
Etter besøket i Vindafjord, tar Kronprinsen turen innom Girl Tech Fest i Haugesund, der han får treffa 100 10-åringar som utforskar teknologi.
Deretter skal Kronprinsen møta representantar frå næringslivet i Rogaland. Dette skjer på Gründerloftet i Haugesund og blir ein samtale om næringsutvikling og vekst. Leiarar frå havvind-klynga og bedrifter som Beyonder og Heimdall Power er blant dei Kronprinsen skal diskutera næringsutvikling i praksis med.
Tredje dag i ny jobb for Bent Høie
Statsforvaltaren er Kongens representant i fylket. Dette blir det første kongelege besøket Bent Høie er med på som ny statsforvaltar i Rogaland. Høie er vert for besøket i lag med Innovasjon Norge. Høie har sin første dag som statsforvaltar 1. november.
Bakgrunnen for besøket i Rogaland
Innovasjon Norge har invitert Kronprinsen til et heildagsprogram fordi Rogaland er eit fylke med spesielt store behov for omstilling, ettersom mykje av landets olje- og gassverksemd er her. Samtidig gir teknologi og kompetanse frå petroleumsnæringane eit godt utgangspunkt for å utvikla nye løysingar i andre næringar.
Kronprins Haakon har følgt gründermiljøet i fleire år. Innovasjon Norge ønsker å visa Kronprinsen korleis Rogaland jobbar, med tidleg inspirasjon til skuleelevar, vegen vidare til gründerskap og vekst, og å visa fram ei av landets mest interessante bedrifter, Autostore.
Akkreditert presse kan følga besøket
Pressa kan følga besøket. Alle delane av programmet er tilgjengelege for akkrediterte journalistar og fotografar.
Dei som ønsker å dekka heile eller delar av besøket, må akkreditera seg her
Kontaktperson
- Simen Løvberg Sund, kommunikasjonsrådgivar, Det kongelege hoffet. Mob. 992 35 157