Her kan du lese litt om kva som skjer under statsborgarseremonien
Statsforvaltaren inviterer kvart år til seremoni for nye norske statsborgarar. Målet med statsborgarseremonien er å ønskje nye statsborgarar velkomne – og å feire overgangen til det norske statsborgarskapet.
Seremonien er ein festdag for deg som er ny statsborgar. Deltaking er frivillig. Du bestemmer sjølv om du vil kome.
Alle nye statsborgarar som har blitt 12 år, blir inviterte. Den som blir invitert til seremonien får høve til å ta med seg familie eller venner. I tillegg kan du få høve til å møte ordføraren i din kommune under seremonien då alle ordførarar som har nye statsborgarar i sin kommune blir inviterte.
Seremonien startar med eit musikalsk innslag og etter det så ønskjer statsforvaltaren i Rogaland velkomen.
Den høgtidelege delen av seremonien varer i ca. 1 1/2 time. Det blir talar og musikkinnslag, og som ny statsborgar får du ei innbunden bok om Noreg.
Under seremonien skal dei nye statsborgarane i fellesskap gi ein truskapslovnad til Noreg. Lovnaden er fyrst og fremst ei symbolsk og personleg handling for den einskilde deltakaren.
Troskapsløftet er slik:
Som norsk statsborger lover jeg troskap
til mitt land Norge og det norske samfunnet,
og jeg støtter demokratiet og menneskerettighetene
og vil respektere landets lover.
Dei nye statsborgarane sit samla under seremonien. Dei blir ropte opp kommune for kommune og kjem fram på golvet, og statsforvaltaren eller ordføraren, dersom han/ho er til stades, overrekkjer boka. Det blir teke bilete av dei nye statsborgarane frå kvar kommune.
Seremonien blir avslutta med at alle reiser seg og syng to vers av den norske nasjonalsongen.
Etter den høgtidelege delen av seremonien inviterer vi til hyggeleg samvær og servering av god mat og drikke.