Oppfyller eg helsekrava for å arbeide offshore?
Svar: Dersom du er i tvil om helsekrava er oppfylte, må du ta kontakt med ein petroleumslege. Petroleumslegen vil undersøke personen på bakgrunn av rettleiar IS-1879 og avgjere om helsekrava er oppfylte.
Her er eit oversyn over dei sjukdommane publikum som regel har spørsmål om:
- ADHD og Asperger: Petroleumslegen må søkje om dispensasjon.
- Diabetes type 1: Kan få dispensasjon for sporadiske turar. Ved behov for opphald over 1 veke eller vanlig offshorerotasjon er krava veldig strenge, og petroleumslegen må involvere helsetenesta på plattforma i dispensasjonssøknaden.
- Diabetes type 2: Petroleumslegen treng som hovudregel ikkje søkje dispensasjon.
- Hjartesjukdom: Etter hjarteinfarkt må det gå 6 veker etter stenting. Ved hjartesvikt eller flimmer, gjer petroleumslegen ei individuell vurdering.
- Epilepsi: Helsekravet er ikkje oppfylt ved endra medisinering eller anfall siste 2 år. Det er vanskeleg å få dispensasjon frå dette kravet før det er gått 12 månader etter anfallet.
- Hørselstap: Krav om bruk av høreapparat og normal taleoppfatning.
- Psykisk sjukdom: Ved mild angst og depresjon treng petroleumslegen ikkje søkje dispensasjon. Ved alvorlig angst, depresjon eller gjennomgått psykose må petroleumslegen søkje dispensasjon.
- Alkohol: Ved alkoholmisbruk er det krav om kontrollar og samarbeid mellom petroleumslegen og bedriftslegen.
- Narkotika: Ved narkotikamisbruk er det eit krav om 6 månadar med reine prøvar, vidare kontrollar og samarbeid mellom petroleumslegen og bedriftslegen.
- Overvekt: Petroleumslegen må sette i verk tiltak ved BMI over 35. Vekt over 120 kg eller livvidde over 115 cm kan være et sikkerheitsproblem. Petroleumslegen gjer ei individuell vurdering.
- Syn: Synsstyrken må være minst 0,1 utan bruk av briller/linser. Dette er ikkje brillestyrken, men det talet som seier kor mykje du ser av synstavla hos legen. Dersom du brukar kontaktlinser heile døgnet, gjeld ikkje kravet om synsstyrke utan korreksjon.
- Blodtynnande medikament (Marevan, Xarelto etc): Krav om to månader med stabil behandling.
Det er petroleumslegen som sender søknad om dispensasjon (sjå i menyen til høgre).