Endring i tilskotsordninga "Tilbud til menneske med langvarige og samansette tenestebehov
Det blei i statsbudsjettet varsla endringar i tilskotsordninga Tilbud til menneske med langvarige og/eller samansette tenestebehov på kapittel 765.60 , jf. side 218 i Prop. 1 S (2018-2019).
Frå og med 2019 er denne ordninga delt inn i to tilskotsordningar og dei nye regelverka er godkjent av Helse- og omsorgsdepartementet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Helsedirektoratet har kunngjort dei to tilskotsordningane på kapittel 765 post 60:
· Tilbod til vaksne med langvarige og samansette tenestebehov
· Tilbod til barn og unge med behov for langvarig/samansett oppfølging
Endringane i innretninga av tilskotsordninga Tilbud til menneske med langvarige og/eller samansette tenestebehov som blei gjort i 2018 blir vidareført for dei to nyoppretta ordningane.
Meir informasjon om dei to nye tilskotsordningane finn du også på Fylkesmannen i Rogalands heimeside under Tilskot.