Rusfeltet er framleis eit sentralt satsingsområde

Regjeringa varslar styrking av innsatsen på rusfeltet gjennom ein ny opptrappingsplan.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.05.2015

Forslag til kommuneprop. 2016 jf. revidert nasjonalbudsjett seier følgjande:

 

11.4.4 Opptrappingsplan på rusfeltet

 

Regjeringa vil styrke innsatsen på rusfeltet gjennom ein ny opptrappingsplan som skal gi kapasitet og kvalitet i tilbodet til personar med rusproblem. Helse- og omsorgsdepartementet har i samarbeid med departemena starta arbeidet med å utarbeide planen. Regjeringa tek sikte på å fremme opptrappingsplanen for Stortinget i løpet av 2015.

 

I 2016 er 400 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane grunngitt med ei auka satsing på rusfeltet. Midlane blir foreslått fordelt etter sosialnøkkelen. Regjeringa vil gjennom etablerte  rapporteringsordningar følge nøye med på utviklinga i sektoren, og om kommunane følger opp regjeringa si satsing med tiltak innanfor rusområdet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.