Frivillige organisasjonar kan søka tilskot til formidling av korona-informasjon til innvandrarar
I samband med korona-pandemien har regjeringa løyvd 10 millionar kroner til formidling av korona-informasjon til innvandrarar. Frivillige organisasjonar kan søka, men fristen er kort: 28. april 2020.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 21.04.2020
Det er Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) som administerer tilskotsordninga.
Skal treffa dei det er vanskeleg å nå
Formidling av informasjonen skal ivareta innvandrargrupper som av ulike grunnar, som manglande digitale eller språklege føresetnader, ikkje kan nåast gjennom eksisterande informasjonskanalar.
Det er altså frivillige organisasjonar som kan søka på tilskotet.