Kampanje om sjølvmordsførebygging

I mai startar kampanjen «Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv» i Rogaland og Vestland. Målet med kampanjen er å seinka terskelen for å søka hjelp – og bidra til å auka kunnskapen om sjølvmord.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.04.2023

Det er Helsedirektoratet som har tatt initivativet til kampanjen. Her på Vestlandet blir arbeidet koordinert av Helse Vest og Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest).

Målgruppa er alle, men særleg menn mellom 40 og 60 år

Kampanjen er ein folkeopplysningskampanje som spesielt rettar seg mot menn mellom 40 og 60 år. Samtidig er det eit opplæringstilbod som går ut til tilsette i kommunar, helseføretak, fastlegar og frivillige.

På RVTS Vest si side finn du informasjon, ressursar og aktuelle kurs og opplæringsressursar.  

Helsenorge.no har også ei eiga informasjonsside om sjølvmordstankar og sjølvmord.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.