Matgledekorpset Rogaland går til filmen med «pimp maten heime»

Nå kjem snart nokre av oppskriftene våre på korte filmar som gjer at kven som helst kan sjå dei heime hos seg sjølve.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.11.2020

Me vil inspirera deg som er eldre heimebuande med tips og triks for å pimpe maten slik at den blir meir freistande og lekker, og har det beste innhaldet som gjer deg godt.

Her er gode, enkle supper pimpa med godsaker. Ostemuffins og den søte varianten med banan og blåbær. Vaffel som du kanskje tenker på som søt kaffimat er laga med poteter og brødrasp, og toppa med både salt og søtt pålegg. Og kva med brødskjeva som er det dei fleste av oss et mest av? Det skal så lite til før den blir skikkeleg lekker.

Følg med når filmane kjem på www.matgledekorpset.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.