10 millionar til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane

For å halda fram med å levera gode tenester til innbyggarane i møte med demografiendringar, klimaendringar og strammare budsjett er det behov for innovasjon og nytenking. Statsforvaltaren i Rogaland har derfor sett av 10 mill. kroner av skjønnsramma til fordeling til kommunale prosjekt for fornying og innovasjon (prosjektskjønn) i 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.01.2021

Formål med prosjektskjønnet er å stimulere kommunane til å kunne jobbe med fornying og innovasjon, og bidra til at kommunane kan teste ut nye løysingar i si verksemd. Formål for prosjekta skal vere å styrke kommunane i si rolle som tenesteprodusent, myndigheit, lokaldemokratisk arena eller som samfunnsutviklar.

Søknadsfrist: 31. mars 2021

Statsforvaltaren sine prioriteringar 2021

Statsforvaltaren ønsker å stimulere kommunane til prosessar for å kunne utvikle kvaliteten i tenestetilbodet, bruke ny teknologi, modernisere og få betre økonomi i drifta. Vi vil spesielt prioritere å støtte samarbeidsprosjekt som omfattar fleire kommunar, mellom anna for å stimulere til samarbeid, og sikre at prosjektmidlane skal få større nedslagsfelt og gi betre læringseffekt.

For å styrke innsatsen på dei prioriterte områda frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, vil søknader som relaterer seg til desse områda bli prioritert. Vi ber om at søknader inkluderer omtale av korleis prosjektet relaterer seg til ein eller fleire av desse prioriteringane.

  • FNs berekraftsmål: FNs 17 berekraftsmål er verdens felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, motarbeide ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Planlegging er eit viktig verkemiddel for å oppnå berekraftsmåla. Fleire av berekraftsmåla er viktige for samfunnstryggleik, slik som motarbeiding av klimaendringar, bevaring av økosystem, bygging av robust infrastruktur og fredelege og inkluderande samfunn.
  • Digital forvaltning: Felles digitaliseringssatsingar er særleg aktuelle.
  • Klima og miljø: Aktuelle tema er tiltak for klimatilpassing, miljøomsyn og omstilling til lågutsleppssamfunn.
  • Barn og unge: Tverrsektorielt og tverrfagleg samarbeid for utsette barn og unge og deira familiar (0-24-samarbeidet). Fornyingsprosjekt knytt til barnevernreforma er også relevante.
  • Samfunnstryggleik og beredskap

 

Ved vurdering av søknadene vil Statsforvaltaren spesielt legge vekt på gevinstrealisering og overføringsverdi for andre kommunar. Tverrfaglege prosjekt og samarbeid mellom fleire kommunar vil bli prioritert. Vi vil òg ta geografiske omsyn ved fordelinga, slik at fornying og innovasjon kan bli prioritert over heile fylket.

Les heile utlysinga inkludert retningslinjer under dokument til høgre. Søknad om innovasjonsmidlar må sendast via felles søknads- og rapporteringsportal, ISORD - sjå lenkje til høgre. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.