Kommuneøkonomidagen 2021
Påmelding og program for kommuneøkonomidagen 2021 er no klart. Tema for dagen vil vera revidert nasjonalbudsjett, kommuneproposisjonen og den kommande barnevernsreforma. Mellom anna vil kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup delta med eige innlegg under arrangementet. Konferansen blir arrangert digitalt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 05.05.2021
Kommuneøkonomidagen er ein fast årleg samling for ordførarar, kommunedirektørar og økonomiansvarlege i kommunane. Revidert nasjonalbudsjett for 2021 og kommuneproposisjonen for 2022 blir lagt fram 11. mai.
Sjå lenkje til høgre for fullt program og påmelding.
Kontaktpersonar
-
Monica Nessa
Tlf: 51 56 88 71 / 48 12 68 47