Ny kommunaløkonomisk statistikk
Hovudbiletet samla for fylket er at handlefridomen (netto driftsresultat) relativt er svekka noko dei seinare åra, samstundes som gjeldsgraden har nærma seg landet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Utviklinga i kommuneøkonomien i Rogaland går i stor grad i same lei som landet. For ein del år sidan kunne økonomien i Rogalandskommunane karakteriserast som relativt gunstig i høve til landet. Dette biletet har ikkje vore like eintydig dei siste 3 - 4 åra. Først og fremst har dette truleg samanheng med noko svakare inntektsvekst og høgt investeringsnivå, slik at meir av investeringane må finansierast ved lån. Konjunkturane ser ut til å gjera noko større utslag for kommunane i Rogaland enn landet under eitt, og ein konjunkturnedgang vil kunna svekka den økonomiske handlefridomen.
Ein meir utførleg gjennomgang av kommuneøkonomien i fylket basert på tal frå rekneskapa for 2013 og utviklingstrekk dei seinare åra, finn du i vedlagde rapport.