Skjønstilskot for 2015 - 2. tildeling
Fylkesmannen har fordelt 9,2 mill. kr av skjønsmidla for 2015 til 12 kommunar. Av dette går 7,1 mill. kr til 7 kommunar for språkdeling. Resten går til innovasjonsprosjekt og uføresette utgifter.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fordelinga er slik:
Kommune |
|
1000 kr |
|
Grunnlag |
1103 |
Stavanger |
400 |
|
innovasjon/fornying |
1119 |
Hå |
500 |
|
flaumskade |
1120 |
Klepp |
2 700 |
|
språkdeling |
1121 |
Time |
200 |
|
språkdeling |
1122 |
Gjesdal |
900 |
|
” |
1124 |
Sola |
500 |
|
” |
1130 |
Strand |
900 |
|
” |
1135 |
Sauda |
200 |
|
innovasjon/ fornying |
1142 |
Rennesøy |
200 |
|
språkdeling |
1145 |
Bokn |
400 |
|
ressurskrevjande tenester |
1146 |
Tysvær |
1 700 |
|
språkdeling |
1146 |
Tysvær |
400 |
|
Innovasjon/ fornying |
1151 |
Utsira |
200 |
|
ressurskrevjande tenester |
|
sum |
9 200 |
|
|
Bakgrunn for tildelinga:
1. Språkdeling.
Kommunane Klepp, Time, Gjesdal, Sola, Strand, Rennesøy og Tysvær får midlar sidan dei har meirutgifter til ekstragrupper som følgje av reglane om språkdeling. Prinsippa er dei same som tidlegare år, dvs at ein i hovudsak legg vekt på talet på slike ekstragrupper (rapportert i GSI). Vilkåret er at ein har språkdeling i alle utanom praktisk-estetiske eller liknande fag, jf Rundskriv 11/2005 frå Utdanningsdirektoratet.
2. Innovasjons- og fornyingsprosjekt
Stavanger kommune får kr 400 000 til prosjektet: «gjennomføring, testing og nyttiggjøring av en innovativ offentlig anskaffelsesmetode» (signalanlegg for Lervig sykehjem),
Sauda kommune får kr 200 000 til prosjektet «Lean i ledelse i Sauda kommune». Gjennom målretta arbeid med Lean-metodikk håpar ein å kunna skapa betydeleg betre tilhøve for medarbeidardriven utvikling.
Tysvær kommune får kr 400 000 til eit Velferdsteknologi-prosjekt i regi av Haugaland Vekst. Prosjektet omfattar kommunane Bokn, Etne, Haugesund, Karmøy, Sauda, Suldal, Sveio, Tysvær, Utsira og Vindafjord.
3. Andre tilhøve
Hå kommune får kr 500 000 til ekstraordinære utgifter i samband med flaumen 7. august på Vigrestad.
For Bokn og Utsira gjeld tildelinga ressurskrevjande tenester.
Det står etter dette att 8,9 mill. kr av skjønsmidla for 2015. Dette skal m.a. gå til innovasjon og fornying, jf innovasjonsstrategien som blei lagt fram i mai 2013. Det vil koma eit eige skriv om dette. Vi viser elles til brev av 24.11.14 der det går fram at den enkelte kommune kan få tildelt inntil kr 100 000 frå skjønsmidlane til arbeidet med kommunereform.