Forsand: Fylkesmannen avslår søknad om ny grensejustering
Innbyggarinitiativet frå Forsand om å tilbakeføra delar av det grensejusterte området på nordsida av Lysefjorden frå Strand til Forsand, blir avvist av Fylkesmannen i Rogaland.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dette initiativet har kome på grunn av ei alt vedteken grensejustering. Fylkesmannen legg til grunn at kommunane fekk uttala seg til det førre initiativet før departementet fatta vedtak om grensejustering i fjor.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) vedtok 10. desember 2018 at kommunegrensa mellom kommunane Forsand og Strand blir justert slik at områda nord for Lysefjorden blir flytta til nabokommunen Strand frå 1. januar 2020.
Departementet stadfesta vedtaket i januar
Ordførarane i Sandnes og Forsand ba i eit brev til departementet like før årsskiftet om å få omgjort vedtaket. I svaret frå KMD, datert 31. januar 2019, heiter det:
"Etter en ny gjennomgang av saken og momentene som er løftet frem i brevene, kan ikke departementet se at det er framkommet nye opplysninger eller momenter som tilsier at forskriften bør endres. Departementet opprettholder derfor grensejusteringen."
På bakgrunn av KMD-vedtaket i desember, fremma Reidar Høllesli, Ingvar Meling Røssevold og Kjersti Helen Seldal Nordnes eit innbyggarinitiativ, med fleire av dei same momenta som blir påpeikte i brevet frå ordførarane i Forsand og Sandnes. Ønsket i initiativet er å tilbakeføra delar av området på nordsida av Lysefjorden til Forsand igjen. Dei skriv mellom anna:
- KMD sitt vedtak tar ikkje omsyn til at grensejusteringa vil gi ein skuleveg til Strand på opp mot ein time, det same gjeld barnehagebarn.
- Justeringa får negative følgjer for Forsand skule når over 13 prosent av barna blir borte.
- Det blir peika på at det var ein overvekt på 10 personar som stemte for grensejusteringa i Kolabygda, men at det samstundes var 12 stemmeføre som ikkje stemte av ulike årsaker.
- Det er blitt sterkare band mellom nord- og sørsida av Forsand etter at brua stod klar i 1997. Nye familiar har flytta til nordsida, som kjenner sterk tilknyting til Forsand kommune.
- Nordsida har felles skule, barnehage, sjukeheim, kulturhus, nærbutikk og kyrkje med Forsand. Legevaktordninga med Sandnes har i tillegg vist seg å fungera bra.
Grundig utgreidd og godt opplyst
Me legg til grunn at departementet har kome til at grensa, slik ho var foreslått i det opprinnelege initiativet, gir ei formålstenleg eining i samsvar med føremålet i inndelingslova. Det nye initiativet krev at departementet sitt vedtak blir endra.
Spørsmålet om grensejustering mellom Forsand og Strand er grundig utgreidd, både før grensejusteringa blei vedtatt, og som følgje av ordførarane i Nye Sandnes sin førespurnad om omgjering.
Fylkesmannen kan ikkje sjå at søknaden om å endra det grensejusterte området inneheld opplysningar som ikkje alt er kjende for departementet. På denne bakgrunn finn Fylkesmannen at dette er ei sak som ikkje vil føra fram.