Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland, temamøte om klima, jordliv og jordhelse
- Dato:
- 20. september 2022 09:30 - 11:30
- Stad:
- Digitalt, på Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Målgruppe:
- Bønder og andre som er interesserte i biokull, jord og jordhelse.
- Påmeldingsfrist:
- 16. september 2022 00:00
Skal bøndene i Rogaland kunne søke tilskot til bruk av biokull? Det er eit av spørsmåla vi må ta stilling til i rulleringa av Regionalt miljøprogram. Velkomen til temamøte 20. september med faglege innlegg, og høve til å gi innspel til bruken av 66 millionar kroner i Regionalt miljøprogram i Rogaland.
Bruk av biokull har aktualisert seg med klimaarbeidet. Biokull blir laga ved å utsette karbonhaldig materiale for høg temperatur med liten eller ingen tilgang til oksygen. Dermed blir karbonet svært motstandsdyktig mot biologisk nedbryting, og er lagringsstabilt i jord. Landbruksdirektoratet har i ny instruks for regionalt miljøtilskot opna for at fylka kan gi tilskot til bruk av biokull i produksjonar med open åker (korn, potet, grønsaker). Motivasjonen er at biokull kan ha positive verknadar for jord ved å gi auka vasslagringsevne, og auka kapasitet til å halde på næringsstoff. Bruk av biokull er også lansert som eit klimatiltak, men blir per i dag ikkje bokført i FN sitt klimagassrekneskap.
Det har i seinare tid vore ein god del FoU-aktivitet knytt til både produksjon og bruk av biokull, men framleis er biokull svært lite brukt i tradisjonell jordbruksproduksjon i Noreg. Mangel på lønnsemd i verdikjeda er i Klimakur 2030 peika på som hovudutfordringa. Det må ligge ein gevinst i biokull for bøndene dersom dei skal ta det i bruk i større skala. Bøndene er også opptatte av at biokull til bruk i matproduksjon må kome frå reine fraksjonar.
Vi ønsker velkomen til temamøte for å høyre synspunkt på tilskot til bruk av biokull på jordbruksjord i Rogaland.
Program 20. september
- Velkomen og informasjon om rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland. Monica Dahlmo, seniorrådgivar hos Statsforvaltaren.
- Faglege innlegg:
- «Kullhøna» – eit kombiprodukt med biokull og fjørfegjødsel. Ole Gunnar Fuglestad som er dagleg leiar i Norsk naturgjødsel fortel som deira erfaringar med biokull.
- Kva biokullprodukt er på marknaden, kan bøndene få biokull som garantert er frå reine fraksjonar? Mia Ulvin, prosjektleiar i Norsk biokullnettverk.
- Effekt av biokull for korn, potet- og grønsaksdyrkere. Adam O'Toole, forskar i NIBIO.
- Sandnes kommune satsar på biokull. Arne Jørgensen er klimasjef i Sandnes kommune og snakkar om deira erfaringar med å produsere og bruke biokull.
- Dialog.
- Kva skal til for at dette blir interessant for bøndene i Rogaland?
- Tid for innpel og synspunkt.
Rullering av Regionalt miljøprogram i Rogaland
Alle landbruksføretak i Rogaland kan søke tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord. Regionalt miljøprogram definerer kva slags ordningar som gjeld i Rogaland. Døme på ordningar i dagens program er tilskot til turstiar på/ved jordbruksareal, tilskot til gjødsling med miljøvenleg spreieteknikk, tilskot til grasdekte kantsoner langs vassdrag og tilskot til skjøtsel av bratt jordbruksareal. Økonomisk ramme i Regionalt miljøprogram blir bestemt i dei årlege jordbruksoppgjera, og for søknadsomgangen 2022 har vi 66,4 millionar kroner til disposisjon.
Ny programperiode for Regionalt miljøprogram er 2023–2026. Saman med Rogaland bondelag og Rogaland bonde- og småbrukarlag og andre regionale aktørar skal Statsforvaltaren utarbeide nytt program. I forkant av høyringa inviterer vi til opne temamøte.
Interessert?
Møtet er gratis og opent for alle interesserte. Du melder deg på ved å fylle ut skjemaet. Link til teamsmøtet blir sendt til alle påmeldte seinast måndag morgen 19. september.
- Dato:
- 20. september 2022 09:30 - 11:30
- Stad:
- Digitalt, på Teams
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Målgruppe:
- Bønder og andre som er interesserte i biokull, jord og jordhelse.
- Påmeldingsfrist:
- 16. september 2022 00:00
Kontaktpersonar
-
Monica Dahlmo
Tlf: 51 56 89 66