Fagdag om regenerativt landbruk og bygging av fruktbar jord, Øksnevad
- Dato:
- 6. oktober 2022 09:30 - 15:10
- Stad:
- Auditoriet på Øksnevad vgs, Jærvegen 990, Klepp
- Arrangør:
- Statsforvalteren i Rogaland i samarbeid med fleire
- Målgruppe:
- Bønder, landbruksforvaltning, rådgivarar
Lær om korleis en kan bygge opp mold i jorda og lar mikroorganismane jobbe for deg. Høyr om erfaringane frå bønder som har testa ut regenerative metodar.
Velkomen til ein innhaldsrik dag om jord, oppbygging av humus, tolking av jordanalysar og beiting som eit av verktøya i regenerativt landbruk og karbonbinding. Kurshaldar er Vibhoda Holten i Sunn Jord, det vil bli innlegg frå lokale bønder, frå NLR om drenering og Statsforvalteren om tilskot gjennom Regionalt miljøprogram. Dagen passer best for deg med grovfôrbasert husdyrhald.
Fagdagen vil bli arrangert 4.oktober på Sandeid Samfunnshus i Vindafjord og 6.oktober på Øksnevad vgs i Klepp kommune.
Påmelding: Innan 2.oktober nedst på sida. Ver venleg og vipps kr 200 til #129852 som eit bidrag for møtematen når du melder deg på.
Program
09.30–10.00 Kaffi og drøs
10.00–10.05 Velkomen ved Annabell Pfluger, Statsforvaltaren i Rogaland
10.05–11.30 Jordliv - fôrkvalitet - humusbygging. La jordlivet jobbe i staden for N-P-K. Tolking av jord-analysar. Grasmarkspleie ved Vibhoda Holten, Sunn Jord
11.30–12.00 Enkelt lunsj
12.00–12.50 Behandling av gylle og talle - nøkkelen til vellykka drift av grasmark Vibhoda Holten
12.50–13.00 Beinstrekk
13.00–13.30 Målretta beiting i praksis ved Arin Erga, Erga gard. På Erga gard er det sau, Dexter ammekyr, potet og gulrot. Mykje blir selt direkte til forbrukar.
13.30–14.00 Målretta beiting i praksis ved Anny Aamodt og Olav Aasland. Mjølkeproduksjon på Jersey besetning, slaktegris og litt sau. Deltar i NLR sitt prosjekt «målretta beiting for betre jord– og økosystemhelse".
14:00–14:10 Beinstrekk
14.10–14.40 Drenering ved Ole Arnfinn Røysland, NLR Rogaland
14.40-15.10 Regionalt miljøprogram - kva kan du får støtte til? Ved Monica Dahlmo, Statsforvalteren i Rogaland
15.10 Vel heim!
Hugs påmelding innan 2.oktober
Fagdagen er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Rogaland, Økologisk Rogaland og NLR Rogaland, og har fått støtte frå Rogaland fylkeskommunen sine RK-midlar.
- Dato:
- 6. oktober 2022 09:30 - 15:10
- Stad:
- Auditoriet på Øksnevad vgs, Jærvegen 990, Klepp
- Arrangør:
- Statsforvalteren i Rogaland i samarbeid med fleire
- Målgruppe:
- Bønder, landbruksforvaltning, rådgivarar