Nettverkssamling for samfunnstryggleik og beredskap

Dato:
19. oktober 2023 11:00 - 20. oktober 2023 12:00
Stad:
Boretunet
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Kommunale beredskapskontaktar, kommunikasjons- og informasjonsmedarbeidarar. Andre regionale beredskapsetatar som har interesse av å delta på samlinga så langt det er plass.
Påmeldingsfrist:
29. september 2023 16:00
Vågen i Stavanger under ekstremværet Didrik i januar 2020
Foto: John Gunnar Skien / Statsforvalteren.

Statsforvaltaren har sidan 2008 arrangert ei årleg nettverkssamling for dei som arbeider med samfunnstryggleik og beredskap i kommunane i Rogaland. I år blir nettverkssamlinga på Boretunet i Klepp kommune torsdag 19. til fredag 20. oktober (lunsj til lunsj).

Publisert 14.09.2023

Målet er å legga konferansen til ulike kommunar i heile fylket. I tillegg til beredskapskontaktane er også kommunikasjonsmedarbeidarar i kommunane inviterte – og eit utval etatar som kommunane har beredskapsfagleg kontakt med.

Totalberedskap er huvudtemaet i år

Eitt hovudtema på samlinga blir totalberedskap. Fleire regionale aktørar og nokre kommunar er i gang med eit totalberedskapsprosjekt. FylkesROS er revidert i år og me har utarbeidd scenario for sikkerheitspolitisk krise og krig. Atomtryggleik i lys av krigen i Ukraina – og kraftmangel – utfordrar beredskapen.

Eit anna sentral tema er førebyggjande samfunnstryggleik i tida etter kommunevalet. I haust har me sett at klimarisiko og klimaomstilling er eit viktig tema, særleg i lys av hendingar som "Hans". Sist haust fekk me urovekkande meldingar om låg fyllingsgrad i vassmagasina og auka risiko for rasjonering av kraft. Arbeidet med rasjoneringsplanar starta derfor. Kraftforsyningas distriktssjef (KDS) skal informera om prosjektet for å forsøka å skapa felles kriterium for prioritering av kraft.

Nytt krisehandteringssystem skal takast i bruk

Overgangen frå krisehandteringssystemet CIM til det nye Rayvn skal også viast plass på denne samlinga. Me deler erfaringar frå implementeringsprosessen og reflekterer rundt korleis me kan hjelpa kvarandre i overgangsfasen.

Statsforvaltaren informerer elles om pågåande prosjekt og nyheiter innan samfunnstryggleik og beredskapsfeltet.

Meld deg på innan 27. september!

Me håper på god deltaking og at flest mogleg kan vera med på heile samlinga, inkludert middag og sosialt samvær på kveldstid. Fleire kommunar har nye beredskapskoordinatorar som det er nyttig å bli kjende med, og me skal laga eit godt fagleg og sosialt program for både nye og erfarne.

Programmet legges ut på denne siden når det er klart.

Påmeldingsfristen er 27. september og avbestilling etter denne datoen blir ikkje refundert.

Her melder du deg på

Dato:
19. oktober 2023 11:00 - 20. oktober 2023 12:00
Stad:
Boretunet
Arrangør:
Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Kommunale beredskapskontaktar, kommunikasjons- og informasjonsmedarbeidarar. Andre regionale beredskapsetatar som har interesse av å delta på samlinga så langt det er plass.
Påmeldingsfrist:
29. september 2023 16:00

Kontaktpersonar

Lenkjer

Dokument