Biogassprosjekt framleis på vent i Rogaland
To biogassprosjekt i Rogaland fekk avslag i Enova sin siste søknadsrunde. Trass store mengder husdyrgjødsel i fylket er det framleis ingen større anlegg som nytter gjødsla til biogass.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 06.01.2023
Det er Biogass Finnøy og Biovind (Vindafjord) som til biogassbransjen opplyser om avslag på søknad om prosjektstøtte frå Enova. Jæren biogass er per i dag einaste anlegg i Rogaland med gassproduksjon basert på husdyrgjødsel.
Støtte til biogass
Innovasjon Norge kan gi støtte til gardsbaserte anlegg for biogass.