Bondens nettverk etablert i fleire kommunar
Bondens nettverk er eit sikkerheitsnett for bonden satt i system. Føremålet er og ha et nettverk klar der bonden står i spesielt krevjande situasjonar, for å forebygga psykisk uhelse. Eit nettverk er etablert i både Strand og Hjelmeland kommune, og fleire andre er i gong.
Bondens nettverk
Bondens nettverk er organisert av Norsk Landbruksrådgiving (NLR), og er ein systematisk arbeidsmetode der føremålet er å forebygge psykisk uhelse i landbruket. Nettverket er ei lita gruppe med aktørar som kan kontaktast av bonden eller andre som er uroa for bonden.
Dette er eit verktøy i verktøykassa - men vi treng at fleire er med seier Anita Jensen, HMS rådgivar i NLR. Anita Jensen fortel at erfaringar visar at forankring i kommunane er avgjerande. Kommunane er viktige partnarar i nettverket fordi dei er ein stabil aktør som kjenner landbruket og som bonden kjenner til, seier Jensen. Kommunane si oppgåve er å vedlikehalda nettverkslistene og sørgje for at desse blir oppdatert. Nettverket skal bestå av bestemte personar, men kan i enkelte tilfelle væra organisasjonar/ tenester ifølge Jensen.
Ikkje ein vaktordning
Nettverket skal ikkje vera tilgjengeleg 24/7. Nettverket skal aktiverast ved behov. Jensen understreker at nettverket berre blir aktivisert om bonden har godteke det.
Bondens nettverk er etablert i Hjelmeland kommune
Anne Kari Skogerbø frå landbruksforvaltninga i kommunen er ein del av nettverket som no er etablert i Hjelmeland. I tillegg til Jensen frå NLR, består nettverket av personar frå helsetenesta i kommunen, Hjelmeland bondelag og Hjelmeland Sau og geit. Nettverka er ulike frå kommune til kommune. Anne Kari Skogerbø fortel at det i Hjelmeland var naturleg å ha Sau og geit med. Videre fortel hu at dei ser positivt på å ha eit slikt nettverk i kommunen.
Fleire kommunar er i prosess.
Jensen fortel at arbeidet med å etablera eit nettverk i Stavanger kommune er heilt i sluttfasen, og at det er starta opp dialog med kommunane på Jæren og på Haugalandet. Ein treng ikkje å være medlem i NLR for å nytta seg av nettverket.
Du kan lesa meir om Bondens nettverk på nettsidene til Norsk Landbruksrådgiving.