Held trykket oppe på mjølkefjøs i 2022

Jersey på Jæren.
Jersey på Jæren. Foto: Gabrielle Brennhaugen.

Landbrukspartnarskapet i Rogaland varslar ekstra fokus på mjølkefjøs for inntil 30 kyr med basis i eiga kvote og eige grovfôrgrunnlag ved tildeling av investeringmidlar i landbruket. Andre grupper med prioritet er nye grøntprodusentar med marknadsadgang og klima- og miljø-tiltak.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.10.2021

Onsdag 27. november hadde Landbrukspartnarskapet i Rogaland eit nyttig dialogmøte der hovudtema var prioritering av investeringsmidlar for 2022.

Rogaland fylkeskommune var arrangør av møtet, og har i oppdrag å utforme oppdragsbrevet til Innovasjon Norge knyta til dei bedriftsretta investeringsmidlane (IBU) i landbruket for 2022. Prioriteringane blir avklart gjennom god dialog i partnarskapet.

Ny regjering vil styrke investeringsmidlane i jordbruket

Det kjem tydeleg fram av Hurdalsplattforma at regjeringa vil styrke investeringsmidlane i jordbruket. Og det kjem elles fram at midlane skal målrettast mot små og mellomstore mjølkebruk for å følgje opp lausdriftskravet. Dette er eit signal som vi har lagt til grunn for vår prioritering for 2022.

Stor etterspurnad etter IBU i 2021

Det er godt kjend at Innovasjon Norge gjekk tidleg tom for midlar i 2021, og det er særleg gledeleg at Rogaland tok ein god del (21,5 millionar kroner) av dei nasjonale midlane til grøntnæringa. Det blir ikkje nasjonale midlar til grøntnæringa for 2022, men desse vil gå inn i den regionale potten. Det blei gitt tilskot til 24 mjølkefjøs i 2021, med samla løyving på om lag 33 millionar kroner. I hovudsak er dette mjølkefjøs innan prioritert gruppe. Det er også gitt ein del midlar til tilleggsnæringar.

Prioritering av investeringsmidlar i 2022

Det var semje om å følgje hovudtrekka i oppdragbrevet for 2021, men med ekstra fokus på mjølkefjøs for inntil 30 kyr med basis i eiga kvote og eige grovfôrgrunnlag. Det blir ikkje prioritert midlar til sau, verpehøns og ammekyr. Det blir mindre midlar til grøntnæringa, og nye produsentar med marknadsadgang vil bli prioriterte. Elles er det som før fokus på dei som hentar hovudinntekta på garden, og på miljø og klima. Meir konkretisering blir gjort i nytt prioriteringsbrev frå Rogaland fylkeskommune som kjem tidleg i 2022.

Webinar om prioritering 2022 1. desember

Det blei semje i møtet om å arrangere eit ope webinar med tema prioritering IBU 2022. Det vil kome meir informasjon om dette tidleg i november. Velkomen til å delta!

Nytt møte i partnarskapet 12. januar 2022

Det blei avtalt nytt møte i januar 2022, særleg fordi det kan kome nyhende knyta til ny regjering og statsbudsjettet. Kan hende det kjem ekstra midlar? Vi håpar elles at oppdragsbrevet frå Landbruks- og matdepartementet til Innovasjon Norge er gjort kjend, og at Rogaland fylkeskommune då får inn endelege innspel til å skrive oppdragsbrev.

 

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar