Landbruksbransjen held trykk på dyrevelferd
Kunnskap, trening og meistring er nøkkelord for å bli betre på dyrevelferd. Og nå blir det sett i verk fleire tiltak.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Sist veke var tretti sentrale personar frå landbruksbransjen i Rogaland samla digitalt for å diskutere no-situasjonen for dyrehelse og dyrevelferd, og kva som kan gjerast for å betre på situasjonen.
Samlinga var i regi av det treårige prosjektet «Arbeid for god dyrehelse og god dyrevelferd i Rogaland» som blei starta opp i 2020. Kort og godt handlar dette om friskare dyr og mindre smitte, skaffe og spreie meir kunnskap, og betre dyrevelferda og praksis i dyrehaldet.
Fullt fokus på kompetanse
Det blir arbeida godt og jamt i heile breidda av deltakande bedrifter og faglag, og i løpet av det siste året har det kome på plass fleire kompetanse- og utviklingstiltak som skal bidra til å styrke konkurransekrafta til bøndene i Rogaland:
- RingiRog (ringorm på storfe)
- Sau360 (saueskole)
- SPF Rogaland (betre helse i svinebesetningar)
- Dyrehelsenett (kunnskapsplattform for bønder, veterinærer og fagmiljø)
- Betre dyrehelse for sau
Framsnakk dyrevelferd
På denne samlinga var det fokus på mekanisering og innreiing i fjøsa i møte med velferd. Her løfta leverandørbedriftene opp gode løysingar og peika på utfordringar knytt til bonden sin økonomi, krav i gjeldande regelverket og til kommande endringar som til dømes krav til beiting, sjukebinge og lausdrift. Det var klar tale av representantane frå bedriftene om at alle må fokusere meir på dyrevelferd.
Ta styring og prioritèr!
Samlinga blei avslutta med eit motivasjonsbidrag frå Arvid Reiersen, leiar av Nasjonalt kompetansesenter for produksjonsdyr. Han oppfordra bøndene til å fokusere på det dei kan gjere noko med, ta styring og leit etter meistring! Han var innom tema som økonomi, psykisk helse, sosialisering, og han avslutta med at «Det går aldri av moten å produsere mat!».