Mjølkeproduksjon i heile Rogaland også framover
I oktober 2022 svarte bøndene i Rogaland på ei spørjeundersøking utsendt av den regionale partnarskapen. Det mest sentrale spørsmålet var kva bøndene sjølve trur det er av produksjonar på garden om 15 år. Innan kumjølkproduksjonen svarte nær 1/3 av bruka med mjølkeproduksjon på garden i dag, at dei ikkje vil ha mjølkeproduksjon på garden om 15 år. Gir dette grunn til bekymring? Landbruksdirektør Geir Skadberg gir her sine refleksjonar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Rogaland er eit viktig mjølkefylke
Tal mjølkeprodusentar er blitt halvert i Rogaland siste 15 åra. Slik sett viser undersøkinga mindre nedgang framover. I dag er det om lag 1030 kumjølkprodusentar i Rogaland. Dei står samla for ein grunnkvote på om lag 285 millionar liter. Vel 460 (45%) av dei 1030 mjølkebruka har i dag båsfjøs. Som kjent skal båsfjøsa utfasast frå 2034. Kravet om lausdrift er kan hende den viktigaste årsaka til at så pass mange av bøndene vil slutte med mjølk innan 15 år. Men bilete er nok meir samansett. Mange viser også til dårleg lønsemd, store investeringsbehov og endra krav til miljø og dyrevelferd. Sjølv meiner eg at tilgang til arbeid utanom garden også er ein viktig drivar.
Gitt at kvar tredje mjølkeprodusent gir seg innan 15 år, vil det då vere om lag 700 mjølkeprodusentar i Rogaland. Og på det tidspunktet gjeld kravet om lausdrift. Dei siste åra har det blitt bygd 20 – 30 nye mjølkekufjøs i Rogaland. Held den trenden fram vil vi i Rogaland innan 2034 ha våre mjølkekyr i lausdrift. I tillegg vil vi nok framover også merke at fleire 1.generasjons lausdriftsfjøs også blir «fornya».
Kva då framover?
Korleis ser då «framtidsbiletet» ut? Arket til høgre viser tala for Rogaland. I Rogaland har vi i mange år arbeidd for at det skal vere mjølkeproduksjon i heile fylket. «Målet» har vore at 1 av 3 mjølkelitrar blir produsert i distrikta våre. Ikkje minst handlar dette om å utnytta dei viktige grasressursane våre. Om lag 47% av jordbruksarealet i Rogaland er innmarksbeita og storparten av beita er i distrikta våre. Undersøkinga viser etter mi meining at det blir slik også framover. Sjå t.d. på figuren under;
Her ser vi at nedgangen i t.d. kommunane Suldal, Lund, Tysvær og Gjesdal er mindre enn snittet for fylket. Så er det jo slik at det nye fjøset over tid vil produsere meir mjølk enn det gamle fjøset. Mellom anna fordi mjølkeavdråtten går ein del opp og bøndene ser at det er rom for å produsere meir.
Grasøkonomi er god ressursøkonomi
Vi veit ikkje nok om kva rammer og drivarar jordbruket vårt har om 15 år. Om til dømes kor og kordan maten vil bli produsert? Når det gjeld mjølka er mi von at det ligg ein grasøkonomi i botn for mjølkeproduksjonen. Det betyr mellom anna at innmarksbeita våre må inngå som ein viktig innsatsfaktor i den framtidige mjølkeproduksjonen i Rogaland. Og då må vi ha mjølkeproduksjon i heile Rogaland.
Med helsing
Geir Skadberg
landbruksdirektør
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13