Rugeri i Rogaland er fyrst ute i Norden med å kjønnsortera rugeegg
Over 4 millionar kyllingar av verpehøner blir produsert i Noreg kvart år. Nesten like mange individ er hanekyllingar som blir sorterte ut og avliva. Ny teknologi innstallert hos Steinsland & co. kan no identifisera kjønn halvveis i rugeprosessen. Då blir det slutt på sortering og avliving av kyllingar etter klekking.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Samvirket Nortura er deleigar av rugeriet Steinsland & co. og har som fyrste aktør i Norden investert i ein maskin som gjer det mogleg kjønnsortera rugeegg før klekking. Maskina tek ut væske frå egget som analyserer DNA for å indentifisera om embryo er høne eller hane.
Teknologien gjer at ein kan avbryte rugeprosessen før klekking, og dermed unngå å avliva nyklekka hanekyllingar. Resultata har vist særs god treffsikkerheit av sorteringa, Tone Steinsland fortel til NRK at av 99,4 prosent av sorterte kyllingar var hønekyllingar.
Vi viser til reportasjen frå NRK publisert 15.10.23 og til nettartikkel frå Landbruk 24 publisert 10.05.23. Artiklane finn du i lenkje på sida.