Kapasitetsproblem i straumnettet gir vanskar for veksthusnæringa

Område med kapasitetsproblem i straumnettet dei neste åra (markert med raudt) og gartneria i fylket (grøne prikkar). Kart: Statsforvaltaren i Rogaland

I delar av Rogaland er det kapasitetsproblem i straumnettet. Det rammar veksthusnæringa. Om lag to tredjedelar av gartneria i fylket ligg i område der kapasiteten i straumnettet no hindrar utvikling.   

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.02.2022

På Finnøy, Fogn, Talje, Rennesøy og til dels i Randaberg, er kapasiteten i straumnettet no sprengt. Fleire gartnarar på øyane har måtte leggja planar om å byggja ut eller innstallera lys på is etter å ha fått nei til å auka straumforbruket. Betre kapasitet i området er under planlegging, men Lyse Elnett melder at dette tidlegast er på plass i 2026. 

Òg på Vik i Klepp kommune meldar straumselskapet at begrensa kapasitet i straumnettet gjer at det ikkje vil vera straum nok til all ønskja utbygging og utvikling dei neste åra. Også her skal kapasiteten betrast, men det vil ta nokre år før det er på plass.

Straum – den mest aktuelle fornybare energikjelda for dei fleste

Om lag to tredjedelar av gartneria i fylket ligg i område der det er kapasitetsproblem i straumnettet dei neste åra. Dette kan stoppa planar om utbygging og planar om å installera lys i eksisterande bygningsmasse. Det vanskeleggjer òg omlegging frå bruk av fossile energikjelder til straum. I NIBIO sin rapport frå 2020 om moglegheitar for klimagassreduksjon i veksthusnæringa, blir straum trekt fram som det mest realistiske fornybare alternativet til energikjelde i veksthus som i dag nyttar gass eller propan.  

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.