Meld deg på jordvernkonferansen i Haugesund 2.oktober 2017
Nå er endeleg program for jordvernkonferansen i Haugesund ferdig, og vi har fått avtale med spanande innleiarar. Samlinga er aktuell for mange, og særleg for dei kommunar som nå står føre arbeid med revisjon av kommuneplanen.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Stortinget har vedteke ein ny jordvernstrategi, og det er lagt til grunn at jordvernet får auka merksemd når det skal gjerast vedtak om ny arealbruk. Kva stilling har eigentleg jordvernet når saker skal avgjerast i kommunane i Rogaland og Hordaland?
Program
Av programmet kan du sjå at det er fleire aktuelle tema vi skal innom denne dagen. Arkitekt Alexandra Algaard vil sikkert utfordre fleire i salen knyta til korleis vi tenkjer tettstadutvikling, og vi vil få døme frå kommunar knyta til jordvern i praksis.
Meld deg på nå
Nå er det tid for påmelding. Dette er eit felles arrangement med Hordaland, og Fylkesmannen i Hordaland har lagt ut program og informasjon om påmelding på si nettside. Vi har ei særleg målsetting om god oppslutnad frå kommunale politikarar. Deltakinga er gratis, og nå er tida for å sikre seg plass.
Velkomen!
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13