Stor regional jordvernkonferanse i Haugesund 2. oktober 2017

Stortinget har vedteke ein ny jordvernstrategi som seier at jordvernet skal ha auka merksemd når ny arealbruk skal avgjerast. Kva stilling har eigentleg jordvernet når kommunane skal avgjere saker i Rogaland og Hordaland? Spørsmålet blir eit sentralt tema i Haugesund. Du kan melde deg på konferansen allereie nå.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.06.2017

Rogaland er kjent som eit fylke der det er omdisponert mykje god matjord, og vi toppar statistikken for omdisponering. Regjeringa har lagt til grunn at den nasjonale jordvernstrategien blir følgd opp av kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn. Fylkesmennene i Hordaland og Rogaland har av Landbruks- og matdepartementet fått i oppdrag å arrangere ein felles konferanse med jordvern som hovudtema.

Program under arbeiding

Endeleg program vil bli lagt ut når dette er klart. Aktuelle tema vi skal innom denne dagen er:

• Nasjonale forventningar
• Jordvern knytt til infrastruktur
• By- og tettstadsutvikling
• Næringsperspektiv
• Bymiljø og byvekstavtale
• Regional jordvernstrategi

Det vil bli spanande innleiarar, og høve til gode diskusjonar. Status og innhald i arbeidet med regional jordvernstrategi vil bli presentert.

Meld deg på nå

Det er allereie nå mogleg å melde seg på konferansen som blir på Hotel Maritim i Haugesund, og Fylkesmannen i Hordaland har lagt ut informasjon om påmelding på si nettside. Vi har ei særleg målsetting om god oppslutnad frå kommunale politikarar. Deltakinga vil vere gratis, og ver tidleg ute for å sikre deg plass.

Velkomen!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Lenkjer