Eigedomsstruktur i landbruket - ulike verkemiddel
Kva kan bønder og kommunar gjere for å betre eigedomsstrukturen i landbruksområda?
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Det er stadig oppslag i media om kor mange bruk som er nedlagd sidan 1950-talet. Tal føretak går ned, medan talet på landbrukseigedomar er tåleg stabilt. Mange aktive bønder leiger mykje jord, og landbruksføretaka vert større. Kva kan bønder og kommunane gjere for å betre eigedomsstrukturen i landbruksområda? Det var tema for eit webinar Statsforvaltaren hadde for kommunane, og andre med interesse for tema, den 15.09.21.
Jordskifte
Me inviterte Sør-Rogaland jordskifterett til å halde eit innlegg. I år er det 200 år sidan den fyrste nasjonale utskiftingslova kom. I dette høve vart det gitt ein presentasjon om kva utskiftingane har betydd for eigedomsstrukturen i Noreg, og korleis utskiftingane på 1800- og tidleg 1900-talet la til rette for meir tenlege eigedomstilhøve, bruksdelingar og ekspansjon i landbruket, nydyrking mv.
Jordskifteretten er ein domstol som arbeider med privatrettslege tilhøve. Samfunnsoppdraget er å leggja til rette for ei effektiv og rasjonell utnytting av fast eigedom og ressursar til det beste for grunneigarar, rettshavarar og for samfunnet. Det er ulike sakstyper jordskifterettane kan ha, og det blir skild mellom dei rettsfastsetjande sakene kor ein gjennom dom klarlegg og fastsett grensar og rettstilhøve. Vidare er det dei klassiske jordskiftesakene, kor rettstilstanden ikkje blir fastslått, men kor eigedoms- og bruksrettstilhøva blir endra gjennom ulike verkemiddel. I tillegg er det ei rekkje skjønssaker der jordskifteretten er skjønsstyresmakt (beitelov, servituttlov, grannegjerde, vegskjøn, avtaleskjøn, tiltaksjordskifte mv).
All den tid jordskifterettane opererer inn forbi det privatrettslege regime, kan ikkje domstolen sjølve ta tak i saker som dreier seg om utenlege eigendoms- og bruksrettsforhold. Det er partane – eigarane og bruksrettshavarane der ute – som kan bringe saker inn for domstolen, jf. disposisjonsprinsippet. I dei rettsendrande sakene må jordskifteretten ta stilling til om vilkåra for å fremje sak er til stades. For å kunne gjennomføre jordskifte (dei rettsendrande sakene) må minst ein eigedom eller bruksrett vere vanskeleg å nytte på ein «tenleg måte etter tida og tilhøva». Vidare må det vere mogleg å skape meir tenlege eigedomstilhøve ved jordskifte, og kostnadene eller ulempa må ikkje bli større enn nytten for nokon eigedom eller bruksrett (ikkje-taps-garantien). Jordskifterettane har fleire verkemiddel i sin «verktøykasse» som kan vere aktuelle i landbruksområda, til dømes makebytte, oppløysing av sameige eller sambruk, bruksordningar (private vegar, kanalisering/grøfting, jaktordningar mv), felles tiltak og/eller stifting av lag (småkraftverk, veglag i samband med etablering av felles private vegar, kanal-lag mv) for å nemne nokon. For meir informasjon kan du lese meir på jordskifterettane sin nettstad. Du kan også ta kontakt med næraste domstol for rettleiing.
Jordpolitisk regelverk - eigedomslovgivinga
Der jordskifterettane kan ha aktuelle verkemiddel for eigedomar der det allereie er utenlege eigedomstilhøve, så er det inn forbi det offentlegrettslege regimet fleire lovar og reglar som skal syte for ei samfunnsgagnleg bruk av arealressursane, ein variert bruksstruktur og vern om landbruket sine produksjonsareal. Då sikter me til konsesjonslova av 2003 og jordlova frå 1995, med tilhøyrande forskrifter og rettleiarar. Det har vore ei utvikling i det jordpolitiske regelverket frå den fyrste jordlova kom i 1928, via 1955-lova og fram til i dag, der ein har gått vekk frå meir «aktive verkemiddel» for staten, slik som ekspropriasjon og forkjøpsrett, til meir passive verkemiddel. Dette må me sjå i lys av den tida og dei utfordringane samfunnet stod ovanfor då lova tok til å gjelde. På 1920-talet var det avvikling av husmannsvesenet og bureising - det å skaffa folk eit bruk - som stod i fokus. Også innan konsesjonslovgivinga har det vore ei liknande utvikling, til dømes hadde staten etter 1974-lova forkjøpsrett og moglegheit for å stille krav om jordskifte ved sal av areal til aktive bønder. Staten si forkjøpsrett forsvann i 2001. Etter ny konsesjonslov tok til å gjelde i 2003 har det vore fleire endringar, til dømes ved at arealgrensa for konsesjonsfridom er heva, og det er gjort fleire endringar i prisreglane til dømes kring dette med bu-verdi og kva eigedomar det er priskontroll på.
Fokus på webinaret var dei verkemidla kommunane som førsteinstans i saker etter jord- og konsesjonslovgivinga faktisk rår over. Kanskje det viktigaste her er jordlova § 12 om deling av landbrukseigedom. Når kommunane skal ta stilling til ei delingssak, anten gjennom frådeling av ressursar eller som ledd i bruksrasjonaliseringar som me ser stadig fleire av, er det viktig at dei kombinerer verkemidla i plan- og bygningslova, jordlova og konsesjonslova for å syte for ein best mogleg bruks- og eigedomsstruktur. Dette kan gjerast ved å stille naudsynte vilkår etter plan- og bygningslova og jordlova, for så igjen å følgje dette opp ved konsesjonshandsaminga. Dersom den som søkjer konsesjon ikkje oppfyller vilkåra som er sett med tanke på ei god arrondering, avstand og bruksstruktur, kan kommunen nekte å gi konsesjon. I samband med dette vart også kommunane oppfordra til aktivt å sjekke om det er interesse for jord dersom det gjeld sal av areal som tilleggsjord, spesielt dersom det ligg an til å gå mot avslag på konsesjonssøknad av di eigedomen bør nyttast som tilleggsjord, jf. rundskriv M-1/2021 pkt. 9.1. Det er spesielt viktig at kommunen er på når det gjeld å etablera varige eigartilhøve gjennom deling- og konsesjonshandsaming. Ved å nytte regelverket aktivt kan kommunane syte for best mogleg struktur før det oppstår utenlege eigedoms- og bruksrettstilhøve.
Ei lovendring i 2009 førte til krav om skriftlege leigeavtalar på 10 år, jf. jordlova § 8, 2. ledd. Den utviklinga som har vore kor stadig fleire eigarar av landbrukseigedom er «passive» eigarar og leiger ut areala sine for å oppfylle driveplikta, skulle me venta at kommunane rundt omkring hadde mykje arbeid med desse avtalane. Men det er ikkje tilfelle i Rogaland slik Statsforvaltaren erfarer det i vår dialog med kommunane. Rundskriv M-2/2021 tek føre seg reglane om dette på s. 33. Kommunane har her moglegheita for å kontrollere at slike leigeavtaler finst, og at dei fører til ei driftsmessig god løysing.
Tal landbrukseigedomar og tal på føretak
Me omtala i vår i eit nettoppslag tal for leigejord i landbruket basert på tal frå SSB.
I Statistikkbanken til SSB over gardsbruk mv kan me finne at det i 2019 var registrert 4070 jordbruksføretak i Rogaland. Vidare var det 10 314 landbrukseigedomar i fylket (eigedom med minst 5 dekar eigd jordbruksareal og/eller minst 25 dekar produktiv skog). Av jordbruksføretaka i fylket var det 2320, altså 57 %, som hadde leigejord som del av sitt produksjonsgrunnlag. Det er variasjon mellom kommunane, men til dømes har om lag 50 % av føretaka i både Hå, Gjesdal og Hjelmeland kommune leigejord, medan Randaberg kroner øvst med 65 % av føretaka med leigejord. Av totalt mengde jordbruksareal i drift, ligg det større skilnader på kor mykje som er leigejord. I Hå, Gjesdal og Hjelmeland ligg denne på 23-33 %, medan 62 % av alt jordbruksareal i drift i Randaberg er leigeareal. I snitt for Rogaland ligg talet på 36 %.
Prosjekt – arealfragmentering i jordbruket
Institutt for rural og regionalforskning (Ruralis) gjennomførde eit prosjekt kalla LANDFRAG som vart avslutta i 2020. Her vart det sett nærare på ein del utfordringar kring dette med arealfragmentering i jordbruket, køyreavstandar, leigejord mv. Om du er interessert i meir informasjon kan du finne ei rekkje rapporter, artiklar mv på nettstaden til prosjektet. Det er mellom anna laga eit ressurshefte som er meint å gje rettleiing og tips til dei som vil ta tak i problematikken, kanskje spesielt retta mot kommunane. Ressurshefte kan du finna du her. Det vil sjølvsagt vere store regionale og lokale skilnader på kva utfordringar som gjeld. Nokre stader blir ikkje jord drive i det heile, medan andre stader er det vekstskifte og intens jordbruksaktivitet og rift om areala.